Bremsar ikkje utviklinga som gir stappfulle vogner på Bybanen

WERGELAND (NRK): Bergen skal bli tettare og trongare rundt Bybanen, utan at nokon har kartlagt om vognene har plass i rushet.

Full bybanevogn på Wergeland i Bergen april 2018

TRONGT: Det er mange som skal ha plass på Bybanen i Bergen i rushtida.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Bybanen i Bergen er ikkje fylt åtte år enno. Likevel er kapasiteten på deler av strekninga på brestepunktet i morgonrushet.

I 2017 frakta Bybanen 12,6 millionar passasjerar i Bergen. Fleire har merka seg at det har blitt markant trongare om plassen dei siste åra.

Aller verst er det i timen mellom 07.00 og over 08.00. På dei verste dagane finst det døme på passasjerar som må stå igjen på perrongen og vente på neste vogn.

Og ingenting tyder på at det blir meir plass med det første.

For når Bergen skal byggast ut har kommunen ein klar plan: Nye hus og arbeidsplassar skal først og fremst skje rundt Bybanen.

Meiner bremsene må på

Direktør Mette Svanes i Plan- og bygningsetaten seier kommunen ikkje har planar om å setje på bremsene.

Ho fortel at det ikkje er laga ferske tal på korleis utbygging av arbeidsplassar og bustader vil påverke passasjertala på Bybanen.

– Politikken står seg, uavhengig om det blir litt fullt på Bybanen. Vi har mykje å gå på når det gjeld potensial for fortetting. Og så må vi bli flinkare til å sykle, seier Svanes.

Det får opposisjonen i Bergen bystyre til å reagere.

– Eg er uroa over at all fortetting skal skje langs Bybanen, spesielt når ein ikkje har oppdaterte prognosar for trafikken. Det er nokså arrogant å seie at folk skal ta Bybanen utan å vite om det er plass, seier Hilde Onarheim, gruppeleiar i Høgre.

Fortetting langs Bybanen i Bergen 2018 Wergeland

FLEIRE FOLK: Langs bybanetraseen blir det fleire stader bygd leilegheiter. Her frå Wergeland, der det allereie er svært trongt om plassen på vogna i rushtida.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Kritisk i sentrum

Medan Bergen kommune bestemmer kvar Bybanen skal gå og kvar nye bustadar og arbeidsplassar skal plasserast, er det Hordaland fylkeskommune som har ansvar for kollektivtrafikken.

I dag tek kvar vogn rundt 210 passasjerar og i rushtida er det avgangar kvart fjerde minutt.

– Fortrinnet til Bybanen er jo at den tar mange passasjerar. Det er meininga at den skal vere full, seier samferdslesjef Håkon Rasmussen i fylkeskommunen.

Han fortel at det er særleg fullt i vognene mellom Wergeland og Bergen sentrum.

– Der har vi kapasitetsproblem i rushet, erkjenner Rasmussen.

Fullt på Bybanen i Bergen

2016: Bybanen fekk nye og lengre vogner i 2016, men kort tid etter såg det likevel slik ut.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Buss kan bli svaret

Det er mogleg å sette inn fleire vogner for å få auka frekvensen på avgangane i rushtida, men både økonomi og lite plass på endestoppet i Byparken er eit problem.

Den dagen traseen vidare nordover står klar, vil dette bli betre, opplyser Rasmussen. Om fire år står ein ny del av Bybanen klar, til Fyllingsdalen.

– Det vil avlasta den mest kritiske strekninga i sentrum, seier Rasmussen.

Om det framleis blir fullt er planen til kommunen å supplere med bussar.

Opposisjonen meiner det ikkje er nok.

– I ein by som Bergen må vi ha utbygging i mange fleire område, ikkje berre langs Bybanen, seier Onarheim i Høgre, og peiker på område som Haukås i Åsane, Vårheia i Arna og Dyngeland i Fana.

Fullt på Bybanen

FULLT: Eit vanleg syn på Bybanen i Bergen i morgontimane.

Foto: Christian Lura / NRK