- Ja, eg kan stadfeste at Bremer stiller opp eit år til om vi ønskjer det. Og vi er ikkje på leit etter ein ny leiar, seier han.
Hadde problem i fjord
Men vi skal ikkje lenger tilbake enn i fjor før Arbeidarpartiet hadde problem med å finne ein leiarklandidat. Tor Bremer hadde då sagt frå seg attval fordi han også var gruppeleiar i fylkestinget. Fleire kandidatar vart lanserte, men takka i tur og orden nei.
- Ei stor lette
Tilslutt vart Tor Bremer altså overtalt til å aksle trøya vidare. Då vi var i kontakt med Tor Bremer torsdag kveld, ville han ikkje kommentere saka før nærare årsmøtet. Men at han har sagt ja er no ein stor lette for komiteen, som no håpar å kunne unngå ei gjentaking av uroa frå i fjor.
Lokalaga i Arbeiderpartiet har no frist fram til 10. februar med å kome med sine framlegg.