Kommunen ville servere gjestene på landsstemnet til Forbundet Kysten hjortekjøt, og ga seg sjølv løyve til å skyte åtte dyr. Men det er ulovleg å starte jakta før den opphavlege jaktperioden tek til.
- Bremanger kommune braut viltlova ved å tillate jakt i peridoen 14. - 31. juli for å skaffe hjortekjøt til landsstemnet, seier Steinset.
- Ulovleg fatta vedtak
Som leiar av eit jaktvald i kommunen sa Steinset ja å til felle to dyr, og visste lite om at dette var ulovleg.
- Då eg seinare vart klar over at kommunen ikkje hadde heimel til å fatte eit slikt vedtak, må eg seie at eg følte meg uvel. Når eg no har bede om etterforsking, er det fordi at eg set veldig lite pris på dette, seier han.
Viltforvaltar i kommunen, Rune Indrehus, ville i går ikkje kommentere saka.