Bremanger er bankerott

Terra-kommunen kan gå tom for pengar i løpet av 2008.

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger

Ordførar Kåre Olav Svarstad er redd at kommunekassen i Bremanger kan gå tom.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Dersom Bremanger ikkje får til ein ny avtale med DnB NOR, kan kommunekassa gå tom for pengar i løpet av året.

Ovstore lånekostnader

Kommunen må betale 26 millioner kroner kvart år i avdrag og renter for lånet dei tok opp i DnB NOR for å kjøpe amerikanske obligasjonar gjennom Terra Securities. Desse lånekostnadene kjem på toppen av at kommunen må spare inn 181 millionar kroner som dei har tapt på investeringane. Kommunen har bestemt seg for å spare inn 10 millionar kroner i 2008.

Ordførar Kåre Olav Svarstad er redd at kommunekassen kan bli tom dersom ikkje Bremanger får på plass ein ny avtale med banken.