Hopp til innhold

Brei kraftlinjemotstand

Norges Naturvernforbund mobiliserer til kamp mot den planlagde gigantkraftlinja gjennom fylket.

Leder i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken
Foto: Kjell Herskedal / Scanpix

Onsdag kveld var alle motstandarar inviterte til møte på Skei, og leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, ser optimistisk på å få stogga planane.

- Eg er veldig optimistisk, for det har vore kraftige reaksjonar både lokalt og i deler av stortingsmiljøet mot denne linja. Det har vore reaksjonar frå mange ulike leirar som vi ikkje har sett tidlegare, så eg har tru på at vi kan få stansa desse planane.

Utbygging utan nok straum

Den planlagde kraftlinja har som mål å skaffe nok straum til Midt-Noreg, der politikarar og andre har vedtek både oljeutbygging og aluminiumutviding utan å sikre nok straum, men Naturvernforbundet peikar på alt det unytta potensialet som finst innan fornybar energi og energisparetiltak også i Midt-Norge.

- Dersom ein gjer det i tillegg til eit gasskraftverk med CO2-handtering, så er det noko som kan avhjelpe og løyse problema i Møre og Romsdal, og som gjer ei linje frå Sogn og Fjordane heilt overflødig.

- Sjøkabel bør utgreiast

Statnett har sagt at å legge linja i sjøkabel er uaktuelt på grunn av dei store kostandene, men Naturvernforbundet held det som eit aktuelt alternativ dersom det ikkje er vilje til andre løysingar enn ei kraftlinje.

- Vi kjem til å kreve at det blir utgreidd kabling av denne linja, Statnett har så langt avvist det, men det er teknologisk mogeleg. Vi byggjer ein kabel til Nederland i dag, og vi må også spørje om ikkje industrien kan gå inn og vere med og betale deler av ei slik rekning.

- Sogn og Fjordane treng ikkje linja

Haltbrekken har ikkje forståing for argumentet om at også Sogn og Fjordane treng denne linja. Sogn og Fjordane greier seg med langt mindre, seier han.

No satsar Naturvernforbundet på motstand frå ein brei allianse, samansett av representantar frå dei fleste politiske partia, reiselivet og fagrørsla.

- Fagrørsla i Sogn og Fjordane bør vere bekymra over at ein har tenkt å sende krafta ut av fylket.