Hopp til innhold

Brearmar langs Jostedalsbreen minkar med mange meter

Isbreane krympar stadig. Nye målingar viser at Vetle Supphellebreen er 20 meter kortare i dag enn for eitt år sidan.

Vetle Supphellebreen

TURISTMAGNET: Vetle Supphellebreen er eit populært reisemål, men forsvinn sakte men sikkert.

Foto: Gaute D. Bøyum

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er litt vemodig å formidle det same år etter år, seier Pål Gran Kielland.

Det har så godt som blitt ein tradisjon. Nye målingar av brekantane viser stadig tilbakegang. Kielland er fagansvarleg ved bremuseet i Fjærland. Han merkar trenden på kroppen.

– Når ein har sett desse breane i fleire år, og kjem attende til brefrontane fleire gonger, så hugsar eg at dei har vore større, seier han.

Han har målingar å vise til: På eitt år har Vetle Supphellebreen gått tilbake 20 meter, medan Haugabreen i Jølster har krympa med 6 meter. Kielland påpeikar også at breen har vorte tydeleg tynnare på sidene også.

Særleg er det somrane som er for varme. På fire år, mellom 2015 og 2019, er skilnaden godt synleg.

Haugabreen i 2015 (til venstre) samanlikna med 2019.

SMELTING: Haugabreen har også blitt tynnare på sidene.

Foto: Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten

Kan påverke reiselivet

Breturismen er ei viktig kjelde til inntekter mange stader i Noreg, og har vore ein turistmagnet i over 130 år. Dei er eit av hovudemna i den første reiselivsboka om Noreg. Thomas Bennet's «Handbook of Norway» frå 1859 nemner ordet «bre» over 50 gonger.

Kielland er uroleg for kva smeltinga kan bety for reiselivsnæringa.

– Breane er prikken over i-en. Dei er attraksjonar i seg sjølv, som smaragdar oppe i fjellet.

– Trur du breane kan forsvinne heilt?

– Ja, det trur eg faktisk. Med den temperaturauken som er spådd å halde fram i framtida, så ligg det an til at isen ikkje kjem til å overleve, seier han.

Alternative breopplevingar

Auka issmelting har sett ein stoggar for den tradisjonsrike familieturen på Nigardsbreen.

Og allereie no byrjar reiselivsnæringa å førebu seg på forsvunne brearmar. Å løfte folk opp med dronar eller luftballongar kan vere ein måte å sjå på brear i framtida, når det blir for vanskeleg å ta seg fram på kort tid.

Og lurte du på skilnaden mellom 1884 og 2015? Slik ser den ut:

Laster innhold, vennligst vent..