Hopp til innhold

Bresmelting vil gje plusskroner for kraftselskapa

Smeltande brearmar vil gje ekstra inntekter til kraftselskapa.

Breforskarar

VURDERER BREEN: Seniorhydrolog i Statkraft, Oddbjørn Bruland, professor ved institutt for vann og miljøteknikk ved NTNU, Ånund Killingtveit, ) professor ved institutt for geofag ved universitetet i Oslo Jon Ove Hagen.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Utviklinga med brearmar som vil minske og kanskje til slutt forsvinne vil halde fram. Det meiner ekspertar på feltet.

Denne veka har mange ekspertar på vatn frå heile verda teke turen til fylket for å vere med på ein konferanse i regi av Northern Research Basin Workgroup.

Klare trendar

Dei har mellom anna sett på ståda for breane i fylket, og teikna er tydlege på at dei no minkar, noko som kan påverke fleire næringar både negativt og positivt.

– Utviklinga er nok rimeleg klar. Ein kan få periodar der breane vil vekse, men trenden ser ut til å vera rimeleg klar, meiner professor ved institutt for geofag ved Universitetet i Oslo, Jan Ove Hagen.

Han peikar trass på at trass dei negative følgjene det vil kunne få for turistnæringa, så vil det kunne gje positive ringverknader for næringslivet.

Mange signal på endring

– Det er jo ein fordel fordi ein vil få større avrenning og meir vatn til magasina. Det var jo grunnen til at kraftverka starta bremålingar på byrjinga av 60-talet. Det var nettopp for å vite kor mykje vatn som er lagra i breen i form av is. No får dei att for det, no måler dei kvart år kor mykje ekstra vatn bresmeltinga gjev, seier Hagen til NRK.

Det har lenge vore spådd at klimaendringane vil gjere Noreg våtare, varmare og villare. Noko seniorhydrolog i Statkraft, Oddbjørn Bruland, er samd i.

– Klimaendringar er noko alle har høyrt om, om vi trur det eller ikkje trur det, så er det i alle fall mange signal på at slikt skjer, meiner Bruland.