Hopp til innhold

Så ulikt utviklar breane våre seg

Briksdalsbreen har knekt i to og Nigardsbreen minkar. Men Peder Kjærvik er ikkje bekymra for turistnæringa i Jostedalen heilt enno.

Briksdalsbreen

DELT I TO: Briksdalsbreen, 6. november 2011.

Foto: Guri Haram

– Då er det verre med minkande turistar grunna økonomien i Europa, seier Peder Kjærvik, dagleg leiar ved Breheimssenteret i Jostedalen.

Klimaforskarar og geologar er svært bekymra for brearmane som trekk seg tilbake i heile Sør-Norge.

– Utviklinga går raskt og me fryktar at me berre ser byrjinga av det som kjem til å skje. Det ser alvorleg ut for breane våre, seier Helge Drange, ved Bjerknessenteret for Klimaforskning i Bergen.

(Saka held fram under biletet)

Briksdalsbreen 1993/2011

BRIKSDALSBREEN 1993 OG 2011: Breen er no delt i to.

Foto: Guri Haram / Bjerknessenteret

Fjordingen melder at fronten på Briksdalsbreen, som delte seg i august i år, kan smelte vekk allereie neste sommar. Forskarane seier me må minst 1500 år tilbake i tid for å finne breen så liten som han er no. Reiselivsnæringa i Indre-Nordfjord er bekymra.

På den andre sida

På austsida av Jostedalsbreen er dei meir optimistiske, sjølv om Nigardsbreen har gått tilbake med 28 meter frå i fjor, i følgje tal frå NVE.

– Nigardsbreen kjem til å vere okey i mangfaldige år til, så me er ikkje bekymra, seier Peder Kjærvik.

(Saka held fram under biletet)

Nigardsbreen 1993/2011

NIGARDSBREEN 1993 OG 2011: Breen er blitt flatare.

Foto: NVE

Nigardsbreen har ei reaksjonstid på 25-30 år, det vil sei tida det går til endringar i snø- og ismengd blir synlege i fronten av breen. Til samanlikning tek det berre 3-4 år før det varme vêret merkast på Briksdalsbreen.

– Me har hatt ufortent flaks kan ein seia. Snart er me ein av få brearmar i Norge det går an å drive breføring på, seier Kjærvik.

Forskjell på brearmane

Atle Nesje

GEOLOG: Det er forskjell på kor fort brearmane smeltar vekk, seier Atle Nesje.

Foto: Guri Haram

Professor i geologi, Atle Nesje, seir det er stor forskjell mellom dei korte og bratte brearmane på vestsida av Jostedalsbreen og dei lange og slake på austsida.

– Det er ganske stor forskjell på breutløparane på vestsida og austsida. Det er fyrst og frems breane i indre Nordfjord som er mest usett. Dei vil minke og krype oppover dalsidene raskare enn dei på austsida av Jostedalsbreen.

Det er gode nyheiter for turistnæringa i Jostedalen.

– Nigardsbreen har halde seg mykje betre enn mange av dei korte og bratte brearmane, seier Nesje.

Men det varar ikkje evig i fylgje geologen.

– Snart må sjølv Nigardsbreen gi tapt. Også den er i ferd med å gå tilbake og bli tynnare i fronten.

(Saka held fram under biletet)

Bøyabreen 1997/2011

BØYABREEN 1997 OG 2011: Turistane har mindre å sjå på.

Foto: Norsk Bremuseum / Gaute Dvergsdal Bøyum

Går fram

I følje tal frå NVE har Bøyabreen i Fjærland gått fram med 30 meter sidan i fjor haust. Men det er skår i gleda. Senioringeniør i NVE, Bjarne Kjøllmoen, har ei forklaring på det.

– Det er ein måleteknisk årsak til det. Den nedre delen av Bøyabreen har blitt fôra med rasmateriale frå toppen og dermed rykka fram. Den har altså ikkje blitt noko større. Bøyabreen er litt spesiell i og med at det ikkje er ein brearm slik Briksdalsbreen og Nigardsbreen, men ein brekant som veltar nedover.

Klimaendringar

Klimaforskar Helge Drange seier klimaendringane har skulda for at breane forsvinn.

– Det er to faktorar som spelar inn. Me får meir nedbør og det betyr også meir snøfall på vinteren. Isolert sett ville dette føre til at breane legg på seg, men så får me lengre og varmare somrar. Smeltinga om sommaren vil overgå lagringa av snø på vinteren. Dermed kjem størelsen av breane til å minke og brearmane krype oppover. Svært mange av breane me har vil forsvinne mot slutten av dette århundret, seier Drange.