– Vi må kanskje forvente at vi ikkje har desse turistbreane våre i den grad lenger, slik som no når dei går langt ned i dalane, seier klimaforskar ved Universitetet (UiB) i Bergen, Jostein Bakke.
Endringar i klimaet vil gjera at breane vil liggja meir gjømt i høgfjellet. Dette vil kunne føra til store endringar i korleis smeltevatnet frå breane renn.
- LES OGSÅ: Jostedalsbreen - ein lunefull granne
Må tenkja nytt
Nye vassdrag og elvar kan bli danna, noko som ikkje minst vil få konsekvensar for kraftbransjen. Mange av dei store breelvane er i dag regulert for kraftproduksjon. Men nedsmelting av brearmane vil føre til at Statkraft og andre vil måtte tenkje heilt nytt.
– Dersom brean endrar seg og vatnet byrja å renna i ein annan retning, så er jo det ganske alvorleg for kraftprodusentane. Det vil jo føra til at dei i verste fall vil mista vatnet sitt, fortel forskaren.
(artikkelen held fram under biletet)
Folgefonna som døme
No skal Bakke og andre forskarar frå institutt for geovitenskap ved UiB og Bjerknessenteret bruka Folgefonna som eit naturleg laboratorium.
Dei skal forsøke å kartleggja framtida for isbreane, ved å laga vitskaplege modellar for åra fram mot 2100.
– Det er ikkje usannsynleg at ein kan få ganske store endringar dei neste 20 til 50 åra. Scenarioet for klimaet framover er jo at det skal bli varmare og fuktigare. Det kan jo då tyde at ein del brear kanskje veks først ein periode, før dei byrjar å smelta att veldig raskt, seier Bakke.
Fryktar lite snø
Vintrar med langt mildare klima, og lite snø, er det som kan ta knekken på brearmane. Utan store snøfall vil ikkje breen kunne byggja seg opp og halda seg stabil, og dermed kan nedsmeltinga gå raskare.
– Det kritiske for ein bre er når det ikkje lenger kjem snø om vinteren. Då er det veldig kort tid før ein bre kan forsvinna.
- LES OGSÅ: |
Ser framover
Forskninga med Folkefonna som utgangspunkt har pågått i ei årrekkje, og det har vore teke ei rekkje prøver for å prøva å rekonstruera breen si historie.
– Det at vi har desse dataene no, gjer at vi no og har moglegheit for å kunne sjå litt framover, ved at vi kartlegg topografien under breen. Slik kan vi forstå korleis breen vil oppføra seg fram mot år 2100.
Forskaren peikar på at denne forskinga aldri før har vore sett i ein samanheng, der ein skal sjå på utviklinga framover.