Hopp til innhold

Bre minka 24 meter på eit år: – Som å gå i eit månelandskap

I løpet av eit år har ein av brearmane til mektige Hardangerjøkulen gått så mykje tilbake at enorme mengder grus og stein kjem til syne.

Atle Nesje ved Midtdalsbreen. Har trukke seg tilbake 24 meter sidan same tid i fjor.

KRYMPA: Avstanden frå målepinnen til breen er 24 meter. Så mykje har Midtdalsbreen minka det siste året, ifølge professor Atle Nesje.

Foto: Judith Vestre / UiB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det var i august i år at professor Atle Nesje gjorde observasjonen saman med studentar frå geovitenskap ved Universitetet i Bergen.

I snart førti år har han målt korleis brearmen Midtdalsbreen utviklar seg.

Den varme, tørre sommaren - kombinert med ein snøfattig vinter - har ført til at breen det siste året har gått tilbake uvanleg mykje.

– Dette er ein av dei største tilbakegangane vi har målt, slår professoren fast.

Forskaren ser no mindre innsjøar og vatn ved brekanten som han ikkje har sett tidlegare.

I tillegg har bretunga blitt betydeleg tynnare enn den var for nokre få år sidan - og forskaren har observert breelvar som endrar løp.

– Bekkar vi lett passerte for nokre år sidan, er no vanskeleg å krysse fordi det renn meir vatn der enn tidlegare.

Oversiktsbilete over Hardangerjøkulen

STORE ENDRINGAR: Hardangerjøkulen er den sjette største isbreen på fastlandet i Noreg, med eit areal på rundt 73 kvadratkilometer. No minkar breen betydeleg.

Foto: Andreas Nesje

Store endringar

Over tid har breen gått kraftig tilbake, nærare bestemt 268 meter dei siste tjue åra.

– Det er omtrent som å gå i eit månelandskap med masse sand og grus. Det dukkar opp store område som vi ikkje såg tidlegare.

Den same tendensen kan ein sjå hos alle breane der det blir utført målingar i Noreg.

Blant breane som er hardast råka finn ein Briksdalsbreen, som har gått tilbake meir enn 800 meter sidan slutten av 90-talet.

Briksdalsbreen over tid. Viser korleis den har krympa.

KRYMPAR OVER TID: Sidan slutten av 90-talet har Briksdalsbreen gått tilbake meir enn 800 meter.

Foto: Atle Nesje / Andreas Nesje

Tidlegare i sommar åtvara forskarar om at europas største isbre på fastlandet, Jostedalsbreen, kan bli delt opp i fleire delar som følge av klimaendringane.

– Spesielt etter år 2000 så ser vi at brearmane i Noreg har gått tilbake. Vi ser også globalt at det har skjedd noko med breane, som mest truleg er relatert til dei høge temperaturane og den globale oppvarminga.

Meir smelting i framtida

Det forskarane kallar ein dødeleg kombinasjon for breane er lite nedbør om vinteren og varme somrar.

Dei neste vekene skal det gjennomførast nye målingar på fleire brear rundt i landet, der resultatet blir rapportert til NVE.

Nesje har ikkje sett noko som tyder på at breane er i ferd med å vekse.

– Dei rapportane eg har fått viser at det vi har målt ved Handangerjøkulen ikkje er unikt. Vi reknar med at dei fleste brearmane har gått kraftig tilbake det siste året.

Finse

GODT SYNLEG: Hardangerjøkulen er godt synleg frå Finse, der toget frå Oslo til Bergen passerer.

Foto: Atle Nesje / UiB

Nesje seier smeltinga fort kan vere starten på noko som blir betydeleg større. Som igjen kan råke alt frå turisme, vasstilførsel til bønder, dyreliv og fiske.

I tillegg kan det råke kraftproduksjonen ved at vatnet går frå eit vassdrag til eit anna.

– Eg er ganske pessimistisk på breane sine vegne. Mest sannsynleg skal vinternedbøren auke litt, men det er langt på nær nok for å kompensere den temperaturauken som er venta dei neste 50 til 100 åra.

BREARM: Midtdalsbreen er ein brearm av Hardangerjøkulen.