Hopp til innhold

Bråstopp på aust-vest-testen

Samferdselsministeren og statssekretæren fekk oppleve fjellovergangane på sitt verste, då dei prøvekøyrde Hardangervidda og Haukeli som moglege stamvegar i dag.

Hoksrud på Haukeli

MÅTTE KØYRE KOLONNE: Kraftig vind, snø og snøfokk førte til vanskelege køyreforhold for statssekretær Bård Hoksrud på veg over fjellet i dag.

Foto: Privat

– Vi har så vidt køyrd over fylkesgrensa og det er store utfordringar. Vi har problem med å kome oss fram, seier Hoksrud til NRK på telefon frå Haukeli.

I går og i dag testa samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen og statssekretær Bård Hoksrud ut alle dei fire aktuelle rutene mellom aust og vest. Hoksrud prøvde seg over E134 Haukeli, medan Solvik-Olsen køyrde over Rv7 Hardangervidda.

Men kraftig vind, snø og snøfokk førte til vanskelege køyreforhold for dei begge på veg tilbake austover. Hoksrud møtte på kolonne då han skulle kome seg over Haukelifjell.

– Vi er usikre kva som skjer vidare, om det går kolonne vidare eller blir stengt, seier Hoksrud.

Haukeli i dårleg vær

DÅRLEG VÆR: Då statssekretær Bård Hoksrud var på veg heim frå Bergen over Haukelifjellet møtte han på dårleg vær.

Foto: Bård Hoksrud

– Dette må vi ta med oss

Samferdselsministeren møtte og på problem på veg over fjellet, men han hadde kome seg til Hallingdal då NRK snakkar med han på telefon 16:30.

– Det har vore litt av ei oppleving over Hardangervidda, med mykje snø og vind. Vi hadde avtalt på førehand å sitte på med ein brøytebil, så vi kom oss over i kolonne, seier Solvik-Olsen.

– Kva erfaringar har du gjort i dag?

– Eg har møtt mange som har eit forhold til sin hovudveg og dei har gode argument. Det er det eg sit igjen med no. Det har vore to viktige og gode dagar for oss, der vi har møtt mange ulike menneskje og fått gode inntrykk, seier Solvik-Olsen.

– To timar lengre enn vi hadde trudd

Statens vegvesen har anbefalt å satse på to hovudtrasear mellom aust og vest, og den eine er E134 over Haukeli.

– Vi har fått vite frå næringslivet kor viktig Haukeli betyr for mange i fleire ulike fylke. Men vi har ikkje konkludert med noko endå. Vi lyttar og får tilbakemelding, og så må vi etterpå setje oss ned og diskutere, seier Hoksrud.

Den vanskelege turen frå Vestlandet til Austlandet har skapt problem for det tettpakka programmet på turen.

– Eg er litt redd for at ting ryk utover dagen, men vi prøver så godt vi kan. Det har nok tatt til no to timar lengre enn det vi hadde trudd, seier Hoksrud.