Hopp til innhold

Brannvesenet jakta på tømmer i fjorden

Kystverket kalla ut brannmannskap til Førdefjorden søndag ettermiddag.

Førdefjorden

INGEN TØMMER: Brannvesenet fann ikkje noko tømmer då dei vart kalla ut søndag ettermiddag.

Foto: privat

Det var tømmer i fjorden som fekk Kystverket til å reagere. Dei ville ha det fjerna, og bad brannvesenet ta jobben.

Fem mann på tømmerjakt

– Vi sende ut vaktlaget med fem mann i båt ut Førdefjorden for å sjå om vi kunne finne noko, seier vaktleiar på alarmsentralen Frode Eide.

Tømmer i fjordane kan vere farleg, og difor ville Kystverket ha fjorden undersøkt.

– Men dei som var ute fann ikkje noko anna enn greiner og kvistar som dei tok med seg, fortel Eide.

Det er mange som tek turen ut i båt i fjorden, og Eide oppmodar folk å vere vaktsame for gjenstandar som kan ligg og flyte.

Kan vere stor fare

– Det utgjer ein store fare for båttrafikken, og det tømmer foreksempel er ikkje noko du vil ha i motoren din, seier han.

Han ber folk som observerer noko i fjorden om å ta kontakt med politiet.

– Om båtfolket ikkje klarer å fjerne det dei ser sjølve, er det viktig at vi får beskjed slik at vi kan rykke ut.