Hopp til innhold

Brannvesenet fekk ikkje beskjed om smadra bil i tunnel: – Me kunne vore der på ti minutt

Politiet brukte 29 minutt til ulykka der ein bil blei smadra av eitt tonn stein på E39. Den lokale brannsjefen skjønar ikkje kvifor dei ikkje vart varsla.

Bil fekk stein på taket i Trodaltunnelen

SMADRA: Bilen var heilt smadra då om lag eitt tonn med stein losna frå tunneltaket og trefte den. Føraren av bilen er fysisk uskadd.

Foto: NRK-tipsar

Torsdag klokka 13.54 fekk Vegtrafikksentralen (VTS) melding om at ein stein hadde falle ned frå taket i Trodaltunnelen på E39 i Masfjorden.

VTS melde vidare til politiet, som registrerte det i loggen sin 13.58.

Men verken brannvesenet eller ambulansen vart varsla. Den fyrste politipatruljen var på staden 14.27.

– Me kunne ha vore der på ti minutt, seier Sigvald Kvinge, brannsjef i Masfjorden og Gulen kommunar.

Brannvesenet har stasjon tre kilometer frå ulukkesstaden.

Sigvald Kvinge, brannsjef i Masfjorden og Gulen

SAMVIRKE: Brannsjef i Masfjorden og Gulen, Sigvald Kvinge. Han skulle ynskja det lokale brannvesenet vart varsla om ulukka i Trodaltunnelen.

Foto: Privat

Fekk vita om ulukka på nettavisene

Kvinge fekk vita om ulukka då ein kollega i brannvesenet ringde han. Kollegaen trudde Kvinge var travelt oppteken med ulukka.

– Eg gjekk inn på VG og såg biletet av bilen, det såg jo voldsomt ut.

Han ringde såg 110 Vest, brannvesenet sin sentral i Vestland fylke. Dei hadde heller ikkje høyrt om ulukka, og gav han tilbakemelding om at det truleg var ein glipp at dei ikkje var kalla ut.

Kvinge skulle ynskja dei vart varsla. Til dømes kunne det ha leke bensin på staden.

– Det er kjempeskummelt sidan det kan antenna. Då kunne me fått eit heilt anna scenario.

I tillegg til at brannvesenet kunne vore der før politiet, samt ha rydda opp i eventuell drivstofforureining, meiner Kvinge at dei også kunne ha hjelpt trafikken i området.

– Dette bør vera ein tankevekkar, og ei sak som skjerpar oss. Me er heilt avhengige av samvirke, seier brannsjefen.

Følgde matrisa for varsling

Den einaste forklaringa Kvinge har på at dei ikkje blei kalla ut, er om det blei avklart raskt at det ikkje sat nokon fast i bilen, og at det ikkje var personskadar.

Uansett meiner han dei burde vore varsla.

– Eg må ta kontakt med VTS for å høyra om tunnelen er open. Eg er på vakt, og må vita om me i naudetatane kan koma oss gjennom, eller om tunnelen er heilt stengt.

Trafikkoperatør Tor Evensen i VTS seier dei følgde matrisa dei har for varsling etter ulukka hende, og difor varsla politiet. Ved ulukker i tunnel er dei instruerte til å varsla politiet, opplyser Evensen.

– I dette tilfellet er det politiet som skal vurdera å varsla brann- og helsevesenet, seier Evensen.

Dersom det eksempelvis hadde oppstått brann i tunnelen, hadde dei varsla brannvesenet direkte.

– Det kjem an på kva hendingar det er, seier Evensen.

Tor Evensen, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen, VTS vest, Statens Vegvesen, SVV

VARSLINGSMATRISE: Trafikkoperatør Tor Evensen i Vegtrafikksentralen Vest seier dei følgde varslingsmatrisa etter ulukka på E39.

Foto: Privat

UP fyrste naudetat på staden

Politiet varsla heller ikkje brannvesenet. Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit, opplyser at patruljen som var på staden 29 minutt etter politiet vart varsla, høyrer til UP.

Det lokale politiet, som har stasjon i Knarvik i nabokommunen Alver, var på staden klokka 14.40. Det er 42 minutt etter politiet vart varsla.

NRK har forsøkt å koma i kontakt med teamet som var på jobb då ulukka hende, men har ikkje lukkast. Det er difor ikkje klart kva vurderingar politiet gjorde etter ulukka. NRK har og vore i kontakt med kommunikasjonseininga til politidistriktet.