Hopp til innhold

Brannvesen over heile landet må kaste nesten ubrukte vinterdekk

Brannvesenet meiner nye reglar gjer at dei må skrote brukbare vinterdekk. Det kan fort koste fleire hundre tusen.

Dekk

MÅ VEKK: Sogn brann og redning må skifte ut fleire dekk.

Foto: SOGN BRANN OG REDNING

– Vi må skifte dekk på åtte bilar. Det betyr at vi må ut med mellom 200.000 til 250.000 kroner, seier Olaf Mørch, varabrannsjef og leiar for beredskap i Sogn brann og redning.

Tyngre køyretøy har fått nye krav om vinterdekk. Dei nye reglane vart vedtekne i fjor, men tok først til å gjelde i år. Krava blei skjerpa for å auke tryggleiken på norske vintervegar.

Det er meir enn 1600 brannbilar i Noreg, og mange av desse må kaste vinterdekka og sko seg med splitter nye.

– Brannbilar er køyretøy som ikkje er så mykje ute på vegane, så slitasjen blir ikkje høg på dekka våre. Vi følger krava om mønsterdjupne på 5 millimeter, seier Mørch.

Olaf Mørch

DYRT DEKKBYTE: Varabrannsjef Olaf Mørch må ut med fleire hundre tusen kroner når dei må byte dekk.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK

– Gode vinterdekk vert kasta

Også i Kinn kommune må brannvesenet punge ut for nye vinterdekk.

– Brannvesenet må følge lovar og reglar som alle andre, men 50.000 kroner er mykje i eit pressa budsjett, seier leiar for beredskap i Kinn brann og redning, Robert Endestad.

Han meiner dei hadde dekk dei kunne brukt i nokre år til, så aller helst skulle Endestad hatt lenger tid på seg.

Samfunnsbedriftene bad om utvida tidsfrist for brann- og redningstenester over heile landet. Det fekk dei ikkje.

– Det vil nok føre til ein del kostnader for brannvesen rundt om. Det er nok slik at det står ein heil del gode vinterdekk på brannbilar rundt om som no vert kasta, seier direktør for brann og redning i Samfunnsbedriftene, Øistein Gjølberg Karlsen.

Brannbil

VINTERFØRE: Brannbilar over heile landet må ha nye vinterdekk på grunn av nye krav.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Må ut på alle føre

Det var Statens vegvesen som sa nei til søknaden om utvida frist for nye dekkrav.

– På grunn av trafikktryggleik er Vegvesenet svært strenge når det gjeld dispensasjon til å køyre på andre dekk enn det som står i lova, seier Svein Ove Salt, avdelingsingeniør i Statens vegvesen.

Brannbilar må rykke ut til alle døgnets tider og i alt slags vêr, noko som gjer det viktig at dekka følger nye krav, meiner Salt.

– For trafikksikkerheita sin del, så er det naturleg at brannvesenet må halde seg til desse krava.

For varabrannsjef Olaf Mørch i Sogn brann og redning blir det ein dyr vinter.

– Det er jo ein pressa økonomi i brannvesenet og i kommunane. Vi venta og håpte i det lengste på ein dispensasjon, men no må vi berre ta kostnaden, seier han.