Hopp til innhold

Brannsjef fortvilar – får ikkje varsla turistane om brannfare

Han vil gjerne varsle alle som kjem til kommunen hans om den store brannfaren, men han veit ikkje om han har lov.

Brannsjef i Stryn John Jatgeir Vinsrygg

SMS-LØYSING: Brannsjef i Stryn kommune, John Jatgeir Vinsrygg, meiner det er viktig at kommunane får lov til å varsle både innbyggjarane og turistane om blant anna stor skogbrannfare.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

John Jatgeir Vinsrygg er brannsjef i ein av Noregs største turistkommunar, Stryn. Hit kjem turistar i tusental frå heile verda kvar einaste sommar for å besøke blant anna Briksdalsbreen og Lodalen.

I sommar har det vore knusktørt på Vestlandet, og mange stader har det vore skogbrannar. Stryn er blant kommunane der det er lagt ned forbod mot bruk av open eld.

Turistar veit ikkje om forbodet

Men ikkje alle har fått med seg forbodet. Og frustrasjonen har vore høg då det fort viste seg at mange, særskilt turistar, trassa eldforbodet som vart lagt ned.

– Å varsle turistar som kjem inn til kommunen ser vi på som ei utfordring, seier Vinsrygg.

På Sande camping i Stryn er campingområdet dominert av plakatar som informerer om eldforbodet. Likevel må campingplasseigar Magne Beinnes fleire gongar ut for å sløkkje bålet til uvitande turistar.

– Det er ikkje alle som får med seg lokale nyheiter. Mange veit ikkje om forbodet, sa han nyleg til NRK.

Brannvarsling Stryn

VARSLING: Kommunetilsette og lokale eldsjeler har forsøkt å varsle brannfaren med plakatar og gjennom jungeltelegrafen. Likevel er det mange som ikkje har fått vite om eldforbodet.

Foto: Malin Hannesdatter Sunde / NRK

Usikker på om det er lov

Vinsrygg ønskjer å varsle alle mobiltelefonar via SMS innanfor eit avgrens geografisk område.

Fleire kommunar, deriblant Bergen og Oslo, har nytta denne typen varsling samband med koronautbrotet.

Stryn kommune har også høve til å varsle på dette viset gjennom digitale operatørar, men Vinsrygg er usikker på om han har lov til å gjere det.

– Det handlar om omsynet til personvernet. Me er usikre på kor alvorleg ting skal vere før ein kan nytte denne type varsling, seier han.

Datatilsynet: – Uklart regelverk

Datatilsynet har observert at kommunar og Helsedirektoratet har tatt i bruk såkalla lokasjonsbasert varsling under pandemien.

Sjølv om det berre er teleoperatørane som sit på informasjon om kven som tar imot meldingar, meiner Datatilsynet at dette framleis kan vere problematisk.

– Det å ta imot ein melding frå styresmaktene basert på kor ein oppheld seg kan kjennast inngripande, seier seniorrådgivar i Datatilsynet, Anders Obrestad.

Eit forslag til nytt regelverk er no ute på høyring.

Også Datatilsynet meiner at regelverket i dag ikkje gir klare nok retningsliner for i kva slags situasjonar ein kan varsle via SMS til alle mobiltelefonar som er i området.

– Det bør vere ein klar terskel for å ta i bruk denne type varsling, til dømes for situasjonar der det er fare for liv og helse eller betydelege materielle skadar, seier Obrestad.

Utviklar nasjonal løysing

Direktoratet for sikkerheit og beredskap (DSB) har på oppdrag frå Justisdepartementet fått i oppgåve i å greie ut ei nasjonal ordning for ei mobilbasert varslingsløysing.

Denne ordninga vil kunne fungere som eit supplement til Sivilforsvaret si tyfonvarsling. Varslinga vil kunne gi melding til alle mobiltelefonar innanfor eit gitt område, sjølv telefonar i flymodus.

– Dette systemet kan nyttast i situasjonar der det er nødvendig å varsle folk raskt og presist, der også integriteten i meldingane blir teken vare på, seier sjef for sivilforsvaret og avdelingsdirektør i DSB, Sigurd Heier.

– Det er mogleg at dette kan bli aktuelt å nytte, også på lokalt nivå.