Brannmannskapa søkte gjennom tjukk røyk for å finne familien. – Dette er skrekkscenarioet

BERGEN (NRK): Ein familie på seks var i huset på Søreide i Bergen då det starta å brenne. I tredje etasje fann brannmannskapa fire bevisstlause personar. – Dei måtte føle seg fram for å finne dei.

Brann i Skranevegen på Søreide

SØK: Brannen starta truleg i andre etasje. I etasjen over fann brannmannskapa ein vaksen og tre barn.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Naudetatane fekk melding om brannen i Skranevegen i Ytrebygda bydel rett før halv sju laurdag morgon.

Då brannmannskapa kom fram brann det i andre etasje, og dei fekk beskjed om at ein person var sakna. Vakthavande sjef i brannvesenet, Pål Hansen, fortel at dei prioriterte å redde liv.

– Vi fekk vite at det var soverom i tredje etasje og starta søk der.

Brannmannskapa fann raskt ein person, men fekk så vite at det var fleire i huset. I same etasje fann dei fyrst ein person, og så to til. Alle var bevisstlause då dei blei frakta ut.

– Røykdykkarar skildrar veldig dårleg sikt, og de måtte føle seg fram med hender og føter, fortel Hansen.

Politiet har stadfesta at det var ein familie på seks personar i huset, to vaksne og fire barn. Ein av dei vaksne og eit barn klarte å kome seg ut sjølv.

Vakthavande sjef i brannvesenet, Pål Hansen.

DRAMATISK: Vakthavande sjef i brannvesenet, Pål Hansen, fortel at brannmannskapa måtte leite i tjukk røyk. Dei finsøkte heile bustaden før dei kunne starte sløkkingsarbeidet.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Seks til sjukehus

Dei fire som var bevisstlause fekk livreddande helsehjelp på staden.

– Det skal mykje ressursar til for å berge fire personar, så vi haldt på ei god stund, fortel Hansen.

Alle dei seks familiemedlemmene er sendt til Haukeland universitetssjukehus.

Helse Bergen vil laurdag kveld ikkje sei noko om helsetilstanden til dei fire som var bevisstlause, men politiet har skildra den som «kritisk».

Ifølgje politiet er pårørande varsla. Eit sjuande familiemedlem overnatta i eit anna hus ulykkesnatta.

Brann i Skranevegen på Søreide

VANSKELEG: Brannmannskapa måtte søke gjennom fleire etasjar i tomannsbustaden. Ved sjutida var brannen sløkt.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Eit «skrekkscenario»

Brannmannskapa som kom fyrst til staden har fortalt om eit vanskeleg søk.

– Det var mykje røyk og vanskeleg sikt. Det tar litt meir tid når det er mykje røyk, men dette er noko vi har trent på, seier Pål Hansen.

Brannar som dette er noko av det brannvesenet fryktar mest. Hansen viser til at ein dei siste åra har vore skåna for slike brannar, og at det i fjor ikkje omkom nokon i brann i Bergen. Ein statistikk han håper kan halde fram.

– Dette er skrekkscenarioet vårt. Vi jobbar kvar dag med å førebyggje at slike hendingar skal skje. Det er klart at vi ser på dette som ei tragisk hending.

Undersøker huset søndag

Verken brannvesenet etter politiet vil sei noko om kva årsaka til den alvorlege brannen kan vere.

– Det brann i eit rom i andre etasje, men vi spekulerer ikkje i årsaka. Det er politiet som handterer etterforskinga, seier Hansen.

Politiet har laurdag hatt krimteknikarar på staden og sperra av huset. Åstadundersøking vil fyrst skje søndag, opplyser leiar ved Bergen Sør Politistasjon, Torgils Lutro, til NRK.