Hopp til innhold

Brannkrisa i Vik er over

Nesten alle brannfolka i Vik er tilbake i vakt etter beredskapsstriden i førre månad.

Semje om brannordning i Vik

SNART FULLTALIGE: Tillitsvald Arne Ovrid (t.v.) og brannsjef Johnny Skjerping (t.h.) har snart eit komplett mannskap. I midten rådmann Oddbjørn Ese. Arkivfoto.

Foto: MMS-foto: Noralv Pedersen / NRK

Tidleg i april varsla halvparten av vaktstyrken at dei ikkje ville bli med vidare, i protest mot ei ny vaktordning.

Etter at den nye ordninga blei sett på vent, har sjefen i Sogn brann og redning, Johnny Skjerping, tru på eit fulltalig brannkorps i Vik i nær framtid. I søknadsbunken håpar han å finna dei tre siste konstablane slik at det igjen er 16 mann i brannkorpset i Vik.

– Vi har fått på plass att mannskapet som vart oppsagt, i tillegg har vi nokre nye namn på blokka.

– Uakseptabel helgeberedskap

Men for ein månad sidan såg det mørkare ut. Halvparten av brannkonstablane nekta å vera med vidare i ei ny og omstridd vaktordning. Dette var ein protest mot det dei meinte ville bli ein uakseptabel helgeberedskap.

Protesten førte fram, og nyordninga blei sett på vent. At flesteparten av brannfolka no blir med vidare, er ordførar i Vik, Marta Finden Halset, glad for.

– Eg tykkjer det er flott at dei har valt å halde fram.

– Treng vi ny utgreiing?

Til hausten skal politikarane i Vik sjå på saka på nytt. Tillitsvald for brannkonstablane, Arne Ovrid, stiller spørsmål ved om det trengst ei ny utgreiing når kommunen allereie har ein grundig risiko- og sårbarheitsanalyse på bordet, som seier at beredskapen bør vera som i dag.

– Viss vi kan unngå å bruke pengar på det må det berre vere positivt.

Men brannsjef Johnny Skjerping meiner det er behov for å sjå på risikoanalysen med friske augo, og han meiner det berre kjem til å koste småpengar.