Brannfolk i arbeidstakarorganisasjonen Delta har latt seg provosere av utspel i etterkant av storbrannen i Lærdal. Det skriv organisasjonens nettstad, tadel.no.
Ventar på orsaking
I eit intervju med nrk.no gjekk avdelingsdirektør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) Anne Rygh Pedersen ut med at redningsarbeidet under storbrannen kunne vore handtert på ein betre måte dersom alarmsentralen var lokalisert til eit større fagmiljø i Bergen.
Noko DSB har fremja forslag om. Rygh Pedersen meiner sjølv ho ikkje har sagt dette.
Fagmiljøet ventar no på ei orsaking frå DSB.
DSB: Avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen.
Foto: DSB / privat– Det som har irritert mange brannfolk er at avdelingsdirektøren gjekk ut og etterlyste ein ny 110-struktur medan det framleis kom røyk frå brannruinane i Lærdal, fortel Deltatilitsvalt, Frode Korneliussen ved Alarmsentralen i Florø.
- LES OGSÅ:
Eit distansert DSB
Leiar for Branntenestens yrkesorganisasjon, Trond Busterud, seier Rygh Pedersen enno ikkje har teke seg tid til å treffe oss. Han føler DSB har distansert seg frå fagorganisasjonane sidan ho vart direktør.
Anne Rygh Pedersen sjølv meiner sjølv ho er feilsitert og ikkje ser nokon grunn til å beklage.
– Vi hadde meir enn nok med å handtere det som følgde med brannen i Lærdal, seier ho til tadel.no og fortel at det ikkje var i hennar tankar å ta opp den debatten på det tidspunktet.
Prototyp for alarmsentralar
DSB har foreslått redusere talet på alarmsentralen. Sentralen i Florø er ein av dei 7 som er føreslege nedlagt. Frå dagens 19 alarmsentralar vil DSB gå ned til 12. Høyringsfristen går ut 17. mars.
- LES OGSÅ: Held fast på nedlegging av sentral
Busterud kallar alarmsentralen i Florø for ein prototyp i forhold til det myndigheitene har føreslege som form på alarmsentralar for framtida.
– Den er ny og oppgradert og samlokalisert med politiet der det er mogleg å ha opne dører mellom romma under større aksjonar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: