Hopp til innhold

200 tunnelar har usikra PE-skum i taket: – Som bensin i fast form

Tunnelar over heile landet kan bli reine brannbomber ved ulukker eller motorhavari.

Dei gråe og svært brannfarlege mattene med PE-skum ligg klistra inn til tunnelveggen i Naustdalstunnelen på riksveg 5 i Sunnfjord.

– Skrekkscenarioet er at det skal skje ei trafikkulukke og at mattene tek fyr, seier Øivind Helle, beredskapsleiar for brann og redning i Sunnfjord kommune.

Saman med NRK er han på synfaring inne i den 6 kilometer lange tunnelen.

Beredskapssjef Øivind Helle i Sunnfjord kommune under synfaring av brannfarlege matter med PE-skum i Naustdalstunnelen.

Beredskapsleiar for brann og redning i Sunnfjord kommune, Øivind Helle, vedgår at dei har lite å stille opp dersom isolasjonsmattene med PE-skum tek fyr inne i Naustdalstunnelen. Mattene er synlege på tunnelveggen.

Foto: Bård Siem / NRK

Nokre av mattene er dekte til med eit tynt lag sprøytebetong. Andre er ikkje dekte til i det heile. 350 meter av tunnelen har brannfarlege matter på vegger og tak.

– Med brennande matter vil det bli ei veldig brannutvikling og kraftig røyk. Det vil bli vanskeleg eller ingenting å gjere for brannmannskapa, seier Helle.

Naustdalstunnelen på riksveg 5 mellom Førde og Florø er ein av mange norske tunnelar med udekt PE-skum.

Halvparten av tunnelane med udekt PE-skum ligg i Vestland fylke.

I over 200 norske tunnelar er det udekt PE-skum. Vestland, Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland dominerer.

Lengst nede i saka ligg ei fullstendig liste over alle norske tunnelar med udekt PE-skum.

Dødsbrann

I romjula omkom seks personar og 29 vart skadde i ein tunnelbrann i Sør-Korea. Der medverka nettopp brannfarleg materiale til at brannen vart så kraftig.

Seniorforskar Gunnar Jenssen i SINTEF kallar brannen i Sør-Korea ein «tankevekkar».

Kva type brannfarleg materiale som tok fyr i tunnelen i Sør-Korea er ikkje stadfesta. Likevel er det ein kraftig tankevekkar, meiner Jensen.

– Vi veit at også PE-skum fører til kraftig tunnelbrann dersom det først tek fyr, seier han.

Jenssen meiner det er uakseptabelt at det framleis er mange tunnelar med udekt PE-skum i Noreg.

Anten må vi dekke til PE-skummet så fort som råd, eller så må vi lage fleire rømmingsvegar ut av tunnelane, seier han.

Brannfarlege matter med PE-skum i Naustdalstunnelen

Her ser vi dei grå mattene med svært brannfarleg PE-skum i den seks kilometer lange Naustdalstunnelen på riksveg 5 i Sunnfjord.

Foto: Bård Siem / NRK

Cyanidgass frå røyken

– Vi brukar å seie at PE-skum er som bensin i fast form, seier Are Brandt.

Skummet er tungt antenneleg, men det blir eksplosiv brann med svært giftige gassar dersom det først byrjar å brenne.

Brandt har tidlegare jobba ved Noregs Branntekniske Laboratorium og er ein av Noregs fremste ekspertar på tunnelbrann.

Seniorrådgjevar i Giftinformasjonen, Anita von Krogh peikar på at tunnelbrann, der mange blir utsette for brannrøyk, uansett vil er ein svært alvorleg situasjon.

– Dersom det blir utvikla cyanidgass i brannen vil dette medføre ytterlegare risiko for helseskadar eller død, seier ho.

.

PE-skum i full fyr i Runehamartunnlen ved Åndalsnes. Tunnel der det blir testa brann i tunnelar.

Slik såg det ut i Runehamartunnelen etter ein testbrann med PE-skum i vegger og tak. Alt var utbrent.

Foto: Rise Fire Research

Brukt til vass- og frostsikring

PE-skum har vore brukt som vass- og frostsikring i norske vegtunnelar i 40 år. Frå 1997 vart det på grunn av brannfare stilt krav om at skummet skulle dekkast til med 8 cm sprøytebetong. Men kravet gjaldt berre for nye tunnelar.

Difor er det framleis mange tunnelar med udekt eller for dårleg tildekt PE-skum.

Ei kartlegging NRK har utført viser at det er registrert over 200 tunnelar med usikra PE-skum i Noreg. 90 av dei er på riks- og europavegnettet, og heile 54 av dei ligg i Vestland fylke. Kor mykje udekt PE-skum det er i kvar av tunnelane varierer kraftig. Frå korte strekke i enkelte tunnelar til lengre i andre.

Den 7,5 kilometer lange Vallaviktunnelen på riksveg 13 i Ulvik og Voss er den lengste tunnelen med usikra PE-skum i Noreg.

– Brannsikringa kan vente

Tunnelkoordinator Corinne Chiodini i Statens vegvesen fortel at det har teke lang tid å dekke til dei brannfarlege mattene fordi arbeidet er svært omfattande. Det må mellom anna brukast både armeringsnett og sprøytebetong.

Men er det ikkje uforsvarleg at det framleis er mange tunnelar med usikra PE-skum i Noreg?

Dekking av PE-skum har vore, og er, prioritert etter mengde usikra PE-skum og brannrisiko. Risikokriteria er hovudsakleg lengde, stigningsgrad, trafikkmengd og mengde samanhengande PE-skum, seier ho.

Chiodini viser til at dei mest risikoutsette tunnelane er brannsikra gjennom langvarig innsats.

Brannrisikoen i dei resterande tunnelane, med flekkvis mengde av PE-skum, er vurdert slik at brannsikringa kan vente, seier ho.

Chiodini kan ikkje svare på når arbeidet vil vere ferdig.

Tunnel med udekt PE-skum i Runehamartunnelen ved Åndalsnes. Tunnel der det blir gjort omfattande branntestar.

PE-skum fører til kraftig brannutvikling. Frå forsøk i Runehamartunnelen.

Foto: RISE Fire Research

112 fylkesvegtunnelar med usikra PE-skum

Også 112 tunnelar på fylkesvegnettet har usikra PE-skum. Vestland toppar også denne statistikken med 29 tunnelar. Nordland kjem på andreplass med 25. Så kjem Rogaland med 21 og Møre og Romsdal med 17.

Fylkesdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune, Dina Lefdal, peikar på mange tunnelar i fylket som årsak til at dei toppar statistikken.

Alle tunnelbrannar er alvorlege og vi jobbar med å hindre at slike hendingar skjer, seier ho.

Om det likevel skulle skje, blir det lagt opp til at folk kan redde seg ut på ein trygg måte, ifølgje vegsjefen. Ho kan ikkje love noko tidspunkt for når alt PE-skum er tildekt i fylkesvegtunnelane i Vestland.

– Uakseptabelt

Tilbake i Naustdalstunnelen er Helle oppgitt over at det tek så lang tid å rydde opp.

– Ein tek ikkje problema på alvor når ein skuvar utbetringa fram i tid. Det er uakseptabelt, seier han.

Beredskapssjef Øyvind Helle i Sunnfjord kommune ved Naustdalstunnelen

Det må takast på alvor at utildekt PE-skum kan føre til kraftige tunnelbrannar, meiner beredskapsleiar for brann og redning i Sunnfjord, Øivind Helle. Bak ser vi Naustdalstunnelen som er brannfarleg fordi det er område med udekt PE-skum i den.

Foto: Bård Siem / NRK

.