Hopp til innhold

Brannen på oljeraffineriet på Mongstad er sløkt

Brannen som oppstod i morgontimane søndag på oljeraffineriet på Mongstad, er no sløkt.

Slukking av brann på Mongstad.

MONGSTAD: Brannen på Mongstad er no under kontroll.

Foto: Oddgeir Øystese/NRK

Men det er framleis for tidleg å seia noko om kvifor brannen oppstod. No blir det jobba med å undersøkja staden og kva eventuelle reparasjonar som skal til.

– Det var rundt klokka 05.50 i dag tidleg at vi fekk melding om at det var brann i eit prosessanlegg på Mongstad ute i Nordhordland. Som følgje av det blei det sendt ressursar både frå politi, helse og branntenesta, seier Stein Rune Halleraker på operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Halleraker seier at det var meldt om kraftig røyk og opne flammar. Utover dette kan han ikkje seia noko om omfanget på brannen.

– Kor mykje som er skada, det har eg ikkje oversikt over per no, seier han.

Brannvesenet melder om god kontroll på staden.

– Sløkking og kjøling går føre seg, skriv dei på Twitter i morgontimane.

Brann på prosessoranlegg

Politiet skriv på Twitter at det skal vera brann på eit prosessoranlegg, og at det ikkje skal vera fare for andre bygningar.

Industrivernet på staden har sett i verk tiltak og opplyser at dei har kontroll på situasjon. Dei opplyser også at det ikkje er fare for området utanfor sjølve anlegget.

– Lokalt industrivern på anlegget har jobba med brannen. Det blir meldt om at dei har kontroll, men vi er på staden for å undersøkja kva som har skjedd. Og for å få kontroll på om det er nokon skadde personar eller andre ting som vi må følgja opp akutt, seier Halleraker.

– Ei eventuell etterforsking vil finna ut årsak, legg han til.

Det er ikkje meldt om skade på personar, melder politiet.

– Og skadestaden er konsentrert innanfor gjerde, seier Halleraker.

Mannskap er no inne og sikrar anlegget.

Uvanleg med brann

Pressetalsperson Ola Morten Aanestad i Equinor fortel i halv nitida søndag morgon at anlegget på Mongstad no er evakuert.

Berre dei som jobbar med beredskap er til stades.

– Dei jobbar med ein kontrollert avbrenning i eit avgrensa område. Det er eit godt samarbeid med naudetatane. Ingen er skada, og det er ikkje fare for at nokon skal koma til skade slik situasjonen er no, seier Aanestad.

Han fortel at det hender det oppstår brann på anlegget, men at det er uvanleg.

– Tryggleik er førsteprioritet i alt vi gjer. Det blir jobba godt med førebyggjande tiltak og så har vi eit godt samarbeid med naudetatane om beredskapen på anlegget, seier Equinor sin pressetalsperson.

Aanestad fortel at den delen der brannen har oppstått, er ute av drift.

– Det er ein del av anlegget der det føregår bensinproduksjon. Hovudverksemda på anlegget er ikkje nedstengt, seier han. Det blir gjennomført ein kontrollert utbrenning gjennom trykkavlastning i det avgrensa området der det er brann, legg han til.