Brann ved kunstfakultetet i Møllendalsveien
Foto: Sissel Rikheim / NRK

Brann ved kunstfakultet i Bergen

  • Trur brann starta i keramikkomn

    Brannvesenet trur brannen ved kunstfakultetet starta i eit ventilasjonsrøyr frå ein keramikkomn. – Keramikkomnen brenn med høg temperatur, og så har brannen truleg spreidd seg til veggkonstruksjonen, seier innsatsleiar Tommy Kristoffersen.

    Brann ved kunstfakultetet i Møllendalsveien
    Foto: Sissel Rikheim / NRK
  • Brannen er sløkt

    Brannvesenet stadfestar overfor NRK at brannen er sløkt. – Me er komne inn til treverket og har sløkt brannen. No riv me treverket der brannen starta for å sikra oss. Det blir utført ettersløkking utover kvelden, seier innsatsleiar Tommy Kristoffersen.

    Tommy Kristoffersen Bergen brannvesen
    Foto: Sissel Rikheim / NRK
  • Har lokalisert brannen

    Brannvesenet har lokalisert brannen på Kunst- og designhøgskolen til eitt røyrsystem i ventilajonsanlegget. – Det er ikkje lett å finna ut kor brannen er når det brenn i anlegget. Sløkkinga held fram, seier vaktkommandør Ole Jakob Hartvigsen.

    Brann på Kunst- og designhøgskolen i Bergen
    Foto: Sissel Rikheim / NRK
  • Brann i ventilasjonsanlegg

    110-sentralen i Hordaland melder at det har oppstått brann i ventilasjonsanlegget ved Kunst- og designhøgskolen i Møllendalsveien i Bergen. Den første meldinga tyda på at det brann i ein gassbehaldar. – Det er ikkje opnar flammar, men sløkkearbeidet er i gang. Me undersøker faren for spreiing i bygget, seier vaktkommandør Ole Jakob Hartvigsen.