Hopp til innhold

Brann ved Hydro i Årdal

Det braut i ettermiddag ut brann i ein grabb i ein produksjonshall ved Hydro Aluminium i Øvre Årdal.

Brenn ved Hydro i Årdal

BRANN: Brannmannskapa er no i ferd med å kontroll på brannen ved metallverket i Årdal.

Foto: Truls Sylvarnes, Porten.no

– Naudetatane er no framme og i ferd med å få kontroll over brannen, seier Marianne Føleide som er operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt i Florø.

Brannen vart meldt klokka 12.45. Det er hydraulikkolje som brenn, men det skal ikkje vere fare for spreiing. Det er ikkje meldt om personskadar, opplyser politiet.

– Grabben dreiv med opprydding i ein omn då brannen starta, seier Dan Inge Gjesdal som er vaktleiar ved Alarmsentralen.

Grabben er no trekt ut av produksjonshallen, og sløkkearbeidet held fram på utsida av hallen.

Klokka 13.55 melder politiet at brannen er sløkt og at naudetatane er ferdige på staden.

Laster Twitter-innhold