Hopp til innhold

Brann-trenar nekta å uttala seg etter nytt tap

Etter å ha tapa laurdagens kamp mot Vålerenga 1-2 køyrde Brann-trenar Lars Arne Nilsen rett heim.

Brann

TUNG TID: Mange bergensarar har den siste tida ymta frampå om at det er på tide at Lars Arne Nilsen gir seg som trenar i Brann.

Foto: Marit Hommedal

I laurdagens kamp mot Vålerenga, byrja Brann fyrsteomgangen i fyr og flamme. Utover i spelet fekk derimot gjestane overtaket. Etter tapet var eit faktum, var det ikkje råd for pressa å få tak i trenar Lars Arne Nilsen.

Han køyrde i staden rett heim.

Det er uvanleg. Tidlegare har han stilt opp til intervju uansett kva resultatet har vore. Medan Brann Stadion var regntungt under kampen, har Nilsen sine siste veker vore blytunge. Misnøya blant Brann-supporterane har bygd seg opp, og allereie før kveldens tap hadde mange mista tolmodet.

Mange har ymta frampå om at det er på tide at Nilsen legg trenarskoa på hylla.

Verken dagleg leiar Vibeke Johannesen eller styreleiar Eivind Lunde ville heller seia noko til NRK om stoda i klubben laurdag kveld.

Kristoffer Barmen

MÅLSKÅRAR: Kristoffer Barmen vart Brann sin einaste målskårar laurdag. Han vart likevel ikkje den einaste frå Bergen som skåra. Bård Finne sette to straffar for Vålerenga.

Foto: Marit Hommedal / Marit Hommedal

Gav gass frå start

Men, det var ikkje flotte finter og flikkar, susande skot eller kynisk kontringsspel som avgjorde kampen laurdag kveld.

Det var det tre straffer som gjorde.

Det fyrste kvarteret av kampen hadde Brann sett inn høggiret. Allereie etter to minuttar fekk laget i raudt ein stor sjanse. Daniel Pedersen skaut ballen i stolpen etter eit hjørnespark.

Då ni minutt var gått, fekk Brann straffe. Daouda Bamba fekk ein i overkant fysisk Ivan Näsberg i ryggen, og dommaren peika på straffemerket. Kristoffer Barmen sette ballen resolutt i mål frå 11-metersmerket.

Likevel var han ikkje nøgd etter kampen.

– Me er nedfor. Det er tungt å tapa fotballkampar. I store delar av kampen visar me at me vil, og me viser betre takter enn tidlegare. Men me slit med det siste vesle ekstra, seier Barmen.

Er det eit ynskje blant Brann-spelarane å byta trenar?

– Det er ikkje eit ynskje for meg, men du får spørja dei andre, seier Barmen.

Bård Finne feirar mot Brann i Bergen 1. august 2020.

FANN MÅLET: Bård Finne fann målet og lirka ballen forbi Håkon Opdal to gonger frå straffemerket.

Foto: Marit Hommedal / NTB Scanpix

Skåra på sin gamle heimebane

Barmen vart ikkje den siste bergensaren som skåra på straffe under kampen.

Det gjorde også Vålerenga sin Bård Finne. Etter at kampen var ein halvtime gammal, peika nemleg dommaren igjen på straffemerket, men denne gongen på andre sida av banen.

Robert Taylor var borti ballen med handa medan Aron Dønnum forsøkte å skyta. Då drog dommar Svein Oddvar Moen opp det gule kortet, og retta handa mot straffemerket. Finne tok straffa. Brann-keeper Håkon Opdal fekk så vidt fingrane på den, men ballen gjekk i mål likevel.

Finne sette også kampen sitt siste mål, då 47 minutt var spelt. Ruben Kristiansen takla Matthías Vilhjálmsson litt hardare enn det reglane seier er lov, innanfor sin eigen 16-meter.

Alt i alt var det ein relativt jamn kamp, men Brann fekk ikkje spesielt god utteljing for det offensive spelet sitt.

Det er akkurat det mykje av kritikken mot Lars Arne Nilsen har handla om.

– Me er det beste laget

– Begge straffene me får er rettferdige. Me skulle hatt ein til, men det fyrste straffesparket Brann får er strengt dømt. Dei skulle kanskje fått straffe då Barmen blei boksa i hovudet.

Det seier Vålerenga-trenar Dag-Eilev Fagermo.

– Utanom dei fyrste fem minuttane er me det beste laget. Me vinn fortent, men det blei hektisk på slutten når me ikkje punkterte kampen med eitt mål til, seier Fagermo.

Kjenner du sympati med Lars Arne Nilsen?

– Nei, det gjer eg ikkje. Me topptrenarar har godt betalt for å gjera den jobben me gjer. Men han har gjort ein meget god jobb i Brann. Den er eg imponert over.