Hopp til innhold

Denne rekorden rakk Brann akkurat å få med seg i siste serierunde

Stabæk blir også med Brann opp att i Eliteserien, medan Start, KFUM, Kongsvinger og Sandnes Ulf skal i kvalik.

Football, OBOS-ligaen, Brann - KFUM

DOBBEL: Felix Horn Myhre skåra to mål i fyrste omgang.

Foto: Vegard Grøtt / BILDBYRÅN

Siste kamp i 1. divisjon betydde kanskje ikkje all verda for Brann i den store samanhengen.

Sesongens store prosjekt, å rykka opp att til Eliteserien etter marerittsesongen 2021, lukkast allereie i september. Heile sju rundar før slutt vart det klart at det var matematisk umogeleg for andre lag å nå Sportsklubben att.

– Me har fått litt av verdigheita tilbake med dette opprykket, sa trenar Eirik Horneland til BA då.

Football, OBOS-ligaen, Brann - KFUM, Niklas Castro, Trofe

Niklas Castro held trofeet som viser at Brann vann 1. divisjon 2022.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Ein rekord att å ta

Men før siste serierunde var det ein rekord att innanfor rekkevidd: Poengrekorden i 1. divisjon.

I 2019 tok Aalesund 79 poeng. Før årets siste kamp hadde Brann 78.

Etter kvarteret spelt av laurdagens kamp sette KFUMs Petter Nosakhare Dahl inn 1-0 mellom beina til Brann-keeper Mathias Dyngeland.

Ikkje meir enn tre minutt etter var Felix Horn Myhre vaken framfor gjestane sitt mål, og sette inn 1-1. To minuttar på overtida før pause sette Myhre inn 2-1 utakbart.

Det var godt. Eg merka når eg trefte at det blei ganske bra, men at den skulle gå inn, det visste eg sjølvsagt ikkje, sa han til Discovery i pausen.

For Brann sin var det dimed berre å halda på leiinga. Ut andre omgang. Det var spennande heilt til Niklas Castro stonga inn 3-1 på corner eitt minutt inn i overtida.

Minuttet etter sette Bård Finne inn sitt 16. for sesongen.

Med det deler Finne tittelen som årets toppskårarar i 1. divisjon med Gift Orban på Stabæk.

– Eg hadde gitt det litt opp utover i sesongen, eg trudde ikkje eg skulle få spela nok minuttar til at det var mogeleg. Difor er det desto meir gledeleg, at eg ordnar det heilt, heilt på slutten, seier Finne.

Football, OBOS-ligaen, Brann - KFUM, Bård Finne

Bård Finne deler årets toppskårartittel i 1. divisjon med Stabæks Gift Orban.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Han det likevel hamnar i skuggen av å ha spelt på årets suverene Brann-lag.

Finne kjenner og baksida av medaljen, Han var med på å rykka ned i fjor, og seier det ikkje er sjølvsagt at Brann er der dei er i dag.

– Kjensla er som natt og dag. I fotball går det ikkje an å koma så mykje lenger frå kvarandre på eit år, seier Finne.

Rekordar på begge sider av bana

Med 81 tilhøyrer rekorden for flest poeng i 1. divisjon dermed Brann.

– No har me den rekorden òg, sa Horneland til Discovery etter kampen.

Det er nemleg ikkje den einaste rekorden Brann har teke i den elleville sesongen.

Målrekorden kom i 26. serierunde, rekorden for færrast baklengsmål var så godt som klar før siste runde og poengmarginrekorden var allereie teke før laurdagens kamp.

– Det var sesongen me måtte levera, og då er det greitt å gjera det skikkeleg, og det synest eg verkeleg me har gjort, sa Horneland.

– Me har hatt heile Bergen med oss. Det har vore utruleg, la han til.

Meiner Brann bør studerast

Fotballpresident Lise Klaveness var på Stadion og såg kampen, i tillegg til at ho var med på å dela ut prisane til Mathias Rasmussen som årets spelar og Eirik Horneland som årets trenar.

Ho meiner Brann sin snuoperasjon frå det blytunge fjoråret fortener «ein liten studie».

– Her bør ein sjå litt under panseret og studera kva som har skjedd. For det er ikkje så ofte ein ser så store kontrastar i fotball, som denne forvandlinga i Brann, seier fotballpresidenten.

Ho rosar både det nye styret, trenaren, den administrative og sportslege leiinga i klubben, innlemminga av kvinnelaget i klubben og supporterane, i tillegg til spelarane.

– Det har vore kjekt å følgja korleis dei sportsleg sett har greidd å snu det, og ta kvar einaste kamp på ramme alvor, seier Klaveness.

Football, OBOS-ligaen, Brann - KFUM

Fotballpresident Lise Klaveness gav Eirik Horneland prisen for årets trenar i 1. divisjon.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Endring i kvaliken

Også Stabæk følgjer med Brann opp att i Eliteserien til neste år, noko som i praksis var klart før siste serierunde.

Men for KFUM sin del blir det ein tøffare kvalik. Sidan Start sigra over Ranheim, hamna nemleg Start på tredje og KFUM på fjerdeplass. Dermed skal Start berre spela ein kamp før dei eventuelt skal treffa 14.-plassen i Eliteserien, medan KFUM mogelegens må spela to.

KFUM-trenar Jørgen Isnes, som til liks med Horneland var nominert til prisen for årets trenar, hang ikkje med hovudet etter kampen med Brann av den grunn.

– Denne sesongen er fantastisk ut frå ressursane me har oppe på Ekeberg. Det er berre å klappa seg sjølv på skuldra, sa Isnes til Discovery etter kampen.

Sandnes Ulf og Kongsvinger er og klare for kvaliken til Eliteserien.

Siste kamp mellom Ull/Kisa og Arendal i 2. divisjon gjekk og av stabelen laurdag. Arendal slo Ull/Kisa 3-0 og skal dermed møta 1. divisjonslaget Skeid for å avgjera kven av dei som skal spela i 1. divisjon til neste år.

NTB og OBOS deler ut prisen til Årets spiller i OBOS-ligaen. Mathias Rasmussen.

Mathias Rasmussen vart kåra til årets spelar i 1. divisjon.

Foto: Marit Hommedal / NTB