Hopp til innhold

Brann-supporter Jørgen (22) takkar for støtta etter T-baneulukka

Måtte amputera foten etter å ha blitt påkøyrd på veg til fotballkamp.

Brann-supportar Jørgen takkar for støtta etter t-baneulukka

STØTTE: 22-åringen takkar for all omsorg og støtte etter T-baneulykka førre søndag.

Foto: Carlos Fernandez/Privat

Berre ein knapp time før storoppgjeret mellom Vålerenga og Brann i Oslo, gjekk det gale på Nationaltheatret stasjon sundag 26. august.

Fleire titals forventingsfulle supporterar frå Bergen var på veg til kamp, då røyken frå eit bluss gjorde at brannalarmen gjekk på stasjonen. I kaoset som oppstod, hamna ein 22 år gamal Brann-supporter i klem mellom perrongen og T-banevogna.

No takkar 22-åringen for all støtte og omtanke etter den alvorlege ulukka. Frå sjukehussenga på Ullevål skreiv han følgande på Facebook måndag kveld:

«Som mange sikkert har fått med seg ble jeg utsatt for en ulykke forrige søndag. Etter forholdene har jeg det veldig bra. Jeg setter stor pris all omtanke og meldinger jeg har fått, tusen takk for det. Som dere sikkert forstår har jeg ikke hatt mulighet til å svare på alle, men jeg har lest alt. Igjen takk.»

helse ulykke t-banen

KRITISK: Ulykka skjedde på Nationaltheatret stasjon då Brann-supporterane var på veg til kamp.

Foto: Tiril Mettesdatter Solvang

Amputerte frå leggen og ned

Helsepersonell gav 22-åringen umiddelbar helsehjelp i undergrunnsstasjonen. Bergensaren blei deretter frakta til Ullevaal sjukehus der han same kveld gjekk gjennom fleire operasjonar.

Den siste veka har han hatt dei næraste rundt seg på Ullevål sjukehus, og gått gjennom fleire operasjonar.

Skadane har gitt 22-åringen brot fleire stader i kroppen. Verst gjekk det utover det venstre beinet, som måtte amputerast frå midten av leggen og ned.

Måndag blei han operert for det han håpar er siste gong.

– Dei (legane, journ.merk.) har vore positive heilt sidan eg vakna på Ullevaal sjukehus natt til måndag. Eg er heldigvis heilt frisk og pigg i hovudet, skriv Jørgen.

Legane meiner han vil få eit tilnærma normalt liv med rett trening og protesar, opplyser 22-åringen.

Hilsen til skadd Brann-supporter

HELSING: Aalborg-fans sende ei oppmuntrande melding til Jørgen frå tribunen.

Foto: Privat

Fekk støtte på tribune i Danmark

«Ikkje gi opp! Vi e´ bak deg!» stod det på godt synlege banner på Aalborg Portland Park under kampen mellom AaB og Esbjerg i den danske eliteserien i slutten av august.

– Det er rørande og det viser kor stort og vidt fotballfamilien grip ut, sa leiar i Brann-bataljonen, Roger Lillebøe-Hansen, til NRK førre veke.

Innlegget den skadde 22-åringen publiserte måndag har allereie fått over 250 kommentarar med ønske om god betring. Familien har også sendt vidare helsingar frå Vålerenga Fotball og Klanen, supportergruppa til Vålerenga:

«Ord blir fattig i en stund som dette. Med ønske om god bedring. Hilsen Klan-styret»

Det er uklart når Brann-supporteren får reisa heim att til Bergen.

«Jeg gleder meg til å komme hjem til Bergen og komme i gang igjen med studier, jobb og gå på Stadion! Jeg gleder meg også til å se alle vennene mine, jeg håper noe kommer på besøk på Haukeland 😉»

Politiet i Oslo seier til NRK at hendinga er under etterforsking. Dei omtalar saka som ei ulukke.

NRK har fått løyve til å trykke Facebook-innlegget til 22-åringen, som ikkje ønskjer å stå fram med etternamn.