Hopp til innhold

Brann starta på vaskerommet

Brannen i Melvegen på Nordfjordeid torsdag starta på vaskerommet og hadde elektriske årsaker. Det opplyser politiet i Eid til Fjordabladet. Ein familie på fem vart huslause i brannen som spreidde seg raskt. I kjellaren budde tre studentar. Dei åtte har fått hjelp av Eid kommune med mellombels husvere.

Brann i hus på Eid
Foto: Asgeir Reksnes / NRK