Brann slo ut straum og motor: Fiskebåt dreiv rundt på Barentshavet

14 personar var om bord fiskebåten «Vestfisk» då det byrja å brenne i sikringsskapet. Båten dreiv i 16 timar i russisk sone i Barentshavet.

Her driv M/S Vestfisk i Barentshavet utan straum og motorkraft.

«Vestfisk» vart fulgt av to andre fiskefartøy gjennom natta.

FOTO: M/S Veststeinen

Fredag kveld i halv sekstida braut det ut brann i fiskebåten «Vestfisk».

Brannen i sikringsskåpet vart sløkt av mannskapet etter fem–ti minuttar.

Ingen vart skadde, men for mannskapet på 14 vart det ei kald og mørk natt der dei dreiv hjelpelaust på bølgjene i kulingen i russisk sektor på Barentshavet.

– Då brannen først vart sløkt, var ikkje situasjonen dramatisk for dei om bord. Men båten hadde verken motorkraft eller straum. Dei miste også kommunikasjonen og hadde berre kontakt via VHF-radioen med båtane som kom til, fortel driftssjef Robert Ervik i Ervik Havfiske til NRK.

Reiarlaget held til i Stad kommune.

M/S «Vestfisk» i Barentshavet

FEKK SELSKAP: Etter tre-fire timar kom to andre båtar til for å liggje attmed den straumlause «Vestfisk».

Foto: M/S «Veststeinen»

– Kunne blitt dramatisk

Fiskebåtane «Veststeinen» og «Atlantic» var tre-fire timar unna, og sette kursen umiddelbart mot «Vestfisk» då meldinga om brannen kom.

– Dei la seg attmed og lyste på båten heile natta. Då vart situasjonen sjølvsagt roleg og trygg for mannskapet på «Vestfisk». Dette var veldig fint gjort. Dei viste godt sjømannskap, seier konsernsjef Stig Ervik til nettavisa Måløy24.

– Hadde vêret vore verre, og at det ikkje hadde vore andre båtar i nærleiken, så kunne dette blitt dramatisk, fortel Robert Ervik.

Fekk hotellrom og varm dusj

Først laurdag morgon kom ein tredje fiskebåt til, «Vestkapp» frå same reiarlag. Denne båten fekk ein slepar om bord. Og etter 16 timar drivande hjelpelaust på havet, starta slepet av «Vestfisk» til land.

Først i totida natt til måndag var dei to båtane framme i Kirkenes.

– Slepet inn til land tok halvanna døgn. Då dei kom til Kirkenes hadde vi bestilt hotellrom slik at mannskapet fekk seg ein varm dusj og tid til å slappe av litt, fortel Ervik.

Stig Ervik

GLAD: Konsernsjef Stig Ervik rosar båtane som kom til for godt sjømannskap.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Fullstendig øydelagt

No ligg båten i Kirkenes, der han skal reparerast. Førebels kan ikkje Ervik seie noko om årsaka til brannen eller kor omfattande skadane er.

– Hovudtavla er fullstendig øydelagt, men vi veit ikkje enno om det er andre komponentar som kan vere øydelagde av brannen, fortel han.

«Vestfisk» dreiv med fiske etter hyse då brannen starta fredag. Ervik seier det er uvisst når dei kan dra utpå havet igjen. Kva brannen har kosta reiarlaget i skadar og tapt fangst har han heller ikkje svaret på.

– Det er det for tidleg å seie noko om, avsluttar Ervik.

M/S «Vestfisk» i Barentshavet.

MÅTTE SLEPAST: «Vestfisk» var på hysefiske då det byrja å brenne om bord. Båten vart laurdag slept til land i Kirkenes.

Foto: M/S «Veststeinen»