Hopp til innhold

Mistenkt funnen død i fengselet

Mannen som har vore varetektsfengsla sikta for å ha starta brannane på Djønno i Hardanger i fjor, blei i helga funnen død på cella.

Brann på Djønno 4. juni

VAR SIKTA FOR ELDSPÅSETJING: Mannen som blei funnen død på cella laurdag, har vore varetektsfengsla sidan 23. oktober i fjor.

Foto: 03030-tipsar

– Han blei funnen død på cella si i Bergen fengsel laurdag 7. februar, fortel Per Helge Sekse, politioverbetjent i Hardanger lensmannsdistrikt.

– Veit de årsaka til dødsfallet?

Per Helge Sekse

SAKA AVSLUTTA: Politioverbetjent i Hardanger lensmannsdistrikt, Per Helge Sekse, stadfestar at sikta er død.

Foto: Egil Torheim / NRK

– Nei, det er politiet i Bergen Nord som etterforskar saka, seier Sekse, som har vore etterforskingsleiar i saka.

– Det er ikkje fleire etterforskingsskritt å ta i saka. Den vil no bli sendt over til endeleg påtalevurdering, forklarar han.

Sikta for å stå bak tre brannar

Sidan 23. oktober har mannen vore varetektsfengsla i saka. Mistenkt for å ha stått bak tre brannar i heimbygda Djønno i fjor. Historia starta 4. juni 2014 då ein einebustad og tre naust brann ned.

Her er NRK si reportasje frå brannstaden:

Ein einebustad og tre naust gjekk opp i flammar på Djønno i Ullensvang.

Same familie råka

Eigaren bygde opp att einebustaden, men 17. oktober brann nybygget ned igjen.

Natt til 22. oktober begynte det å brenna i eit fjøs på staden. Brannen blei raskt sløkt av eigarane. Ingen personar eller dyr blei skadde i brannen. Det er same familie som er blitt råka av alle brannane.

Same dagen som det brann siste gong blei ein mann arrestert mistenkt for eldspåsetjing. Politiet stadfesta då at dei såg ein samanheng mellom alle brannane. Då hadde politiet gjennomført ei brei etterforsking med rundspørjing av heile bygda. Alle dei kring 40 innbyggjarane hadde fått besøk av politiet på døra.

Mannen som var sikta nekta for å ha hatt noko med brannane å gjere.