Hopp til innhold

Har akseptert bodet – Heltne Nilsen på veg til Danmark

Sportsklubben Brann har akseptert eit bod på Sivert Heltne Nilsen (26) frå AC Horsens. Midtbanespelaren er i dag i Danmark for å snakke med klubben.

Eliteserien fotball 2018: Odd-Brann (0-1).

VIKTIG BRIKKE: Sivert Heltne Nilsen kan vera nær ein overgang til dansk toppfotball.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix

– Eg kan stadfeste at eg er på veg til Danmark for å sjå på forholda i ein klubb der, seier Sivert Heltne Nilsen (26) til NRK.

Tidlegare i juli skreiv NRK om bodet på midtbanespelaren. Det var den hardtsatsande danske klubben AC Horsens som la inn bodet.

No er eit bod akseptert og Brann sin midtbanesjef skal til Danmark for å sjå nærare på klubben.

– Det er viktig at ingenting er avklart enno. Elles har eg ingen kommentarar, legg midtbanespelaren til.

Sportsleg leiar i Brann, Rune Soltvedt, skriv til NRK i ei tekstmelding at han ikkje ynskjer å seie noko om saka akkurat no.

Viktig spelar

Dermed kan ein av dei viktigaste spelarane til serieleiar Brann vera på veg vekk frå klubben, midt i sesongen.

– Slik er fotballen. Det siste eg veit er at det ikkje er avklart for Sivert enno. Men hvis han reiser dit så har vi ein idé om korleis vi skal løyse det, seier Brann-trenar Lars Arne Nilsen.

Etter det NRK erfarer var det første bodet på fleire millionar kroner. Vidare kan det bety at Brann vert svekka før ein haustsesong der dei skal kjempe om gull.

26-åringen har starta 15 av 16 kampar for serieleiaren frå Bergen denne sesongen, og har vore ei viktig brikke for Brann sidan han kom frå Vålerenga i 2015.

Var på utkikk

AC Horsens-trenar Bo Henriksen ville ikkje kommentere bodet på Heltne Nilsen ovanfor NRK tidlegare i juli, men sa at klubben var på utkikk etter forsterkningar i Noreg.

– Vi fylgjer norsk fotball og det er fleire gode spelarar der. Vi er på utkikk etter tre spelarar å styrke troppen med, sa Henriksen.

AC Horsens frå Jylland enda på ein sjetteplass i den danske Superligaen førre sesong, og er fast bestemt på å sikre seg Heltne Nilsen.

Klubben har starta årets sesong med ein siger og ein uavgjort på to kampar.