Brann på Stord Verft

Det er meldt om brann i eit bygg på Stord Verft. Røykdykkarar er på veg inn i bygget, opplyser politiet på Twitter. Brannen skal vera i eit servicesenter. Det blei meldt om røykutvikling klokka 12.50. Det er uvisst kor omfattande brannen er. Det skal ikkje vera folk i bygningen.