Hopp til innhold

Brann på Stårheim

Like før klokka halv tre i natt vart det meldt om brann i båtbyggeriet Øien båt på Stårheim i Nordfjord. Naudetatane rykte ut og det synte seg at det brann i ein bosskontainer inne i bygget. Ingen personar kom til skade i brannen, men det er førebels uvisst kor store skadar det er på bygget, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt. Det er førebels uklart kva som kan vere årsak til brannen.

Også i 2018 brann det i fabrikken.

Brann Øien båt
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK