Hopp til innhold

Brann på Hafslo

Brannvesenet har rykt ut til ein brann på Hafslo, ved Hafslotunet. Dei seks personane som var i bygget kom seg ut, og varsla om brannen. Dei første frå brannvesenet er nettopp komne til staden, og det er førebels usikkert kor omfattande brannen er.