Hopp til innhold

Kraftig brann i ferje på Bømlo

423 blei evakuert og ein brannmann er sendt til sjukehus med røykskader etter brannen på MF «Strand» ved Rubbestadneset på Bømlo.

Brann i ferge på Bømlo

FERJEBRANN: Slik ser brannen ut frå lufta klokka 16.30. Det kjem no mindre røyk frå ferja.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Brann i MF «Strand» på Bømlo

Det kjem fortsatt mykje røyk frå ferja laurdag kveld. Dette biletet er tatt rundt klokka 18.

Foto: Jon Bolstad

Brannvesenet kjem til å jobbe på staden i heile natt.

MF «Strand» var inne til service ved LOS Marine på Rubbestadneset på Bømlo i Sunnhordland då det braut ut brann i ferja like før klokka 09 laurdag morgon.

– Det er full fyr i ferja, og vi arbeider på spreng med å sløkke brannen, sa operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Rune Plassen, til NRK laurdag føremiddag.

Ingen tilsette blei skadd, men blir tatt hand om av eit krisehandteringsteam. Det er ikkje klart kor mange tilsette som var om bord då brannen starta, eller kva som er brannårsaka.

– Det vi veit er at nokon har vore om bord og arbeidd på ferja i dag, sa operasjonsleiar Plassen.

ferjebrann bømlo

Fleire ambulansar er på staden, men ingen er førebels meldt skadde i brannen.

Foto: Jan Kåre Ness

Brannen skapte massiv røykutvikling og sterk røyklukt i området. Ettersom metallet i ferja blei varma opp, blei det også svært høge temperaturar. Ved 15.30-tida var totalt 423 personar evakuerte frå Rubbestadneset.

– Grunnen til evakueringa er at vi ikkje har kontroll, og at det er spillolje og diesel om bord. Dersom det skulle ta fyr, vil det bli kraftig røyk- og gassutvikling her, sa innsatsleiar på staden, Terje Heldal, tidlegare laurdag.

Ferja MF «Strand» står i full fyr ved Rubbestadneset i Bømlo. 1300 personar er varsla om evakuering.

Ferja MF «Strand» står i brann.

Ein sendt til sjukehus

Dei høge temperaturane gjorde at brannmannskapa, totalt oppunder 40 personar frå ulike brannstasjonar, måtte arbeida forsiktig, og kjøla ned materialet i ferja.

Fleire stader var metallet så varmt at det er raudglødande.

– Det er svært høg temperatur i salongen på ferja. Vi trur det er der brannen har starta. Røyken har spreidd seg over heile Rubbestadneset. Vi kan førebels ikkje seia at vi har kontroll på brannen, sa operatør ved 110-sentralen i Haugesund, Eirik Minde, til NRK like før klokka 13.00.

Klokka 16 seier han at mannskapa har fått god kontroll på brannen.

– Det var mange små holrom, lukar og gangar som det var problem med å få tilgang til, fordi det har vore låst, eller fordi det har vore så vanvittig varmt. Men no har dei kome seg inn fleire stader, og akkurat no er røykdykkarane nede i salongen. Dei har fått sløkt mesteparten, og temperaturane har også gått ned, seier Minde.

Salongen på MF Strand

SALONGEN: Slik såg det ut inne på MF «Strand» då dette biletet av salongen blei tatt i sommar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Laurdag kveld opplyser innsatsleiaren på stedet at ein brannmann er sendt til Stord sjukehus med lettare røykskader.

Evakueringa oppheva

Klokka 18.13 melder politiet at dei evakuerte kan returnera til husa sine på Rubbestadneset.

– Slukkearbeidet pågår fortsatt, skriv dei samtidig.

Minde er klar på at det står mykje arbeid att for brannfolka.

– Det er ein god del att. Det vil nok gå fleire timar før dei er ferdige, seier han klokka 16.

Mange evakuerte

Kommunen har opna Bømlohallen for å ta hand om dei evakuerte.

Foto: Jan Kåre Ness

1300 fekk SMS-varsel

Bømlo kommune sende ut varsel-SMS om evakuering til rundt 1300 husstandar. Der blei dei bedne om å møte opp ved Bømlohallen på Bremnes som er opna opp av kommunen for å ta hand om dei evakuerte.

Kring 200 personar var samla i hallen laurdag ettermiddag. Helsepersonell var til stades for å sjekke personar for røykskadar.

Det einaste hotellet på Bømlo ligg på Rubbestadneset, så det er få overnattingsmoglegheiter for dei som ikkje har familie eller vener dei kan bu hos.

Innsatsleder Terje Helldal

Politiets innsatsleiar Terje Helldal om situasjonen.

MF Strand på veg inn mot Ranavik

MF STRAND: Ferja som no brenn under overfart mellom Ranavik og Skjersholmane i sommar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK
brannmann, ferjebrann, bømlo, MF Strand, Rubbestadneset

Det er både røyk- og gassutvikling på staden.

Foto: Jan Kåre Ness