Brann og Sandviken vil slå seg saman til nytt kvinnelag

Dei to bergensklubbane er i samtalar om å danne nytt lag til satsing i Toppserien. – Vi trur heile Bergen vil heie på dette.

 Eliteserien fotball 2020: Brann og Sarpsborg 08 på Brann stadion. (1-1)

NYTT LAG?: NRK får opplyst at det står att nokre formalitetar før Sandviken og Brann slår seg saman til eit nytt kvinnelag.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Det var VG som fredag meldte at SK Brann frå neste sesong blir å sjå i Toppserien i fotball for kvinner.

Sandviken og Brann slår seg saman og dannar eit nytt kvinnelag. Laget skal spela i Brann sine drakter, melde avisa.

NRK fekk så opplyst at det framleis står att ein del formalitetar før ein kan slå heilt fast at samanslåinga er eit faktum. I tillegg skal medlemmane få sagt sitt.

Men målet til dei to klubbane er å danne eit kvinnelag som spelar med Brann-logoen på drakta i Toppserien 2022.

Brann har invitert til digitalt medlemsmøte i juni, der «kvinnelag» er andre punkt på agendaen.

– Med hjartet

– Det har vore uformelle samtalar i lang tid og no er vi over i ein ny fase. Begge partar har som mål at vi skal vera ein fullt integrert klubb når medlemmane har fått sagt sitt, seier styreleiar Pål Hansen i Sandviken til NRK.

Han og Brann-styreleiaren møtte pressen på eit infomøte om samanslåinga på Brann Stadion fredag føremiddag.

– Dette vil skape ein god dynamikk i klubben. Kvinnefotballen er på veg oppover og vi har tenkt lenge på dette. Vi er samde med Sandviken om å gå vidare i formelle samtalar for å skape noko kjekt saman, seier styreleiar Birger Grevstad jr.

Han fortel ein historie om at han nyleg møtte nokre fotballinteresserte jenter frå Haukeland skole utanfor Stadion.

– Dei gjekk i Brann-drakt og spurte meg «kvifor får ikkje vi spele på Brann? Kan du ordne det?» sa dei til meg. Det gav meg nokre tankar om at dette må gjerast med hjartet.

Pål Hansen og Birger Grevstad jr på Brann Stadion. Samanslåing mellom Sandviken og SK Brann

STYRELEIARAR: Pål Hansen i Sandviken (til venstre) og Birger Grevstad jr i SK Brann møtte pressen for å fortelle at dei vil slå klubbane saman og danne nytt kvinnelag.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Vi har store ambisjonar

Grevstad seier Sandviken og Arna-Bjørnar har gjort ein god jobb for løfte kvinnefotballen i Bergen.

På spørsmål om kvifor Brann har vald vekk Arna-Bjørnar som samarbeidspartnar, svarar han:

– Sandviken har skilt ut fotballavdelingen i eigen organisasjon. Då blir det lettare å integrere den modellen hjå oss.

Sandviken enda på fjerdeplass i Toppserien førre sesong, åtte poeng bak serievinnar Vålerenga.

– Vi er ein klubb med store ambisjonar. Vi har laga ein ny treårsplan og trur at gjennom å gjere dette med SK Brann, så er det større sjanse for at vi når måla våre. Vi trur heile Bergen vil heie på dette, seier Hansen til NRK.

NFF med press

SK Brann har sondert moglegheitene for å danne kvinnelag tidlegare. I forbindelse med debatten om kunstgras løfta Brann-sjef Vibeke Johannessen fram at skifte av underlag ville gjera det mogleg å ha fleire kampar på Stadion, også med kvinnelag.

Også NFF har lagt press på å få toppklubbane i Noreg til å etablere eigne kvinnelag.

I 2019 bestilte SK Brann ein rapport som skulle undersøka kva konsekvensane av ei kvinnelag-satsing ville ha å seie for klubben, anten om ein gjorde det i regi av seg sjølve eller om ein valde ein «samarbeidsmodell».

– Bra med satsing

Også i Rogaland er samtalane om samarbeid mellom herre- og kvinnelag på gang. Stavanger Aftenblad melde tidlegare i mai at Viking kan overta plassen til Karmøy-laget Avaldsnes i Toppserien.

Bergen har to lag som spelar i Toppserien, Sandviken og Arna-Bjørnar. Sistnemnde har fleire gonger vore i dialog med Brann om eit mogleg samarbeid.

BT skriv at Arna-Bjørnar torsdag fekk beskjed frå Brann om at det ikkje blir samarbeid mellom dei.

– Vi tek ikkje dette som eit nederlag. Det er kjekt for kvinnefotballen at det blir satsa. Kva dette betyr for oss har vi ikkje tatt standpunkt på enno, seier styreleiar Frank Arne Strømstad til BT.