Hopp til innhold

Supporterane vil stoppe Brann sine kunstgrasplanar: – Dette handlar om klubben si sjel

I kveld blir det avgjort om naturgraset på Brann Stadion forsvinn etter 102 år. Klubbleiinga meiner kunstgras er einaste moglegheit for å bli ein stabil toppklubb.

Supportarar med flagg som seier "Ekte gress på stadion".

EKTE VARE: Brann-supportarar vil ha ekte vare, og meiner at det er klubben si sjel som står på spel.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

På eit ekstraordinært årsmøte klokka 18 i kveld kjem avgjerda.

– Dette er ein viktig dag for Sportsklubben Brann og for utviklingsmogelegheitene til klubben.

Vibeke Johannesen er dagleg leiar i Sportsklubben Brann og har gått inn for å legge kunstgras på Brann Stadion. Årsaka er ikkje at grasbana på arenaen er for dårleg, men fordi klubben ikkje har greidd å få tilfredsstillande treningsbaner utanfor.

– Vi har prøvd alt. For å drive toppidrett er vi avhengige av å trene på same underlag som det vi speler kampar på.

Gravemaskinene står klare til å starte arbeidet allereie denne veka. Men no kan supporterane sette ein stoppar for planane.

Brann Stadion

KUNSTIG: Debatten om kunstgras vekkar stort engasjement blant Brann-supportarar.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

– Klubben si sjel står på spel

Det kom sterke reaksjonar då det vart kjent at klubben ville bytte ut naturgraset.

– For mange handlar dette om klubben si sjel. Det som gjer Brann til ein unik klubb, har forvitra dei siste årene. For somme er graset ein av tinga som er igjen, seier Per Arne Flatberg.

Supporteren skal i kveld logge seg på Brann sitt ekstraordinære årsmøte for å prøve å stoppe kunstgrasplanane.

– Eg har stått på Store Stå i 30 år. For mange av oss som følgjer klubben tettast, er dette ei særs viktig sak. Men eg er usikker på kva side som har fleirtal.

– Forstår du ikkje argumentasjonen med at Brann treng betre treningsforhold?

– Jau, det gjer eg. Men då må klubben prøve å fikse treningsbanene. Det er berre tre år sidan klubben var best i landet. Og treningsbanene var dei same då.

Vibeke Johannessen, Brann

VIL HA KUNSTGRAS: Vibeke Johannesen, dagleg leiar i Brann, skulle også ønskje at dei kunne halde på naturgraset, men ser inga anna løysing enn å gå over til kunstgras.

Foto: SIMON SKJELVIK BRANDSETH

Undervurderte reaksjonane

Heilt sidan Brann Stadion blei bygga i 1919, har det vore naturleg underlag der.

Rundt omkring i Bergen vitnar klistremerke mot kunstgras på Stadion om eit stort engasjement. Debatten rasar i lesarinnlegg og kommentarfelt. Mykje når fram til administrasjonen i Sportsklubben.

– Vi undervurderte nok reaksjonane og trudde nok fleire hadde fått med seg kor alvorleg treningssituasjonen er, seier dagleg leiar Johannesen.

– Kan du halde fram som sjef i klubben om årsmøtet overstyrer administrasjonen?

– Ja, då må vi berre gjere det beste ut av det. Eg forstår at dette er viktig for mange. Sjølv skulle eg gjerne ha halde på det naturlege graset, men no ser vi ingen annan utveg.

Gresset på Brann stadion

OVERHALING: Bana på Brann Stadion kan få ei fullstendig overhaling.

Foto: Arne Dag S. Haldorsen / NRK