Hopp til innhold

Ber nach-deltakarane stå fram: – Eg trur det hadde vore nyttig

SK Brann seier spelarar har vore utsette for grov hets og keeper Mikkel Andersen er blitt oppsøkt av folk heime. Fleire Brann-spelarar har frivillig tatt narkotikatest.

Branntrenar Eirik Horneland

BRANN-TRENAR: Eirik Horneland på treningsfeltet på Nymark.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Brann-trenar Eirik Horneland tok seg god tid til å svare på mange spørsmål etter treninga på Nymark onsdag.

I over 20 minutt svara han på spørsmål om den vanskeleg situasjonen Brann-troppen står i, der tolv spelarar har delteke på eit ulovleg nachspiel på Stadion medan resten av troppen ikkje har gjort noko gale.

– Treningsøktene er veldig bra og fokuset er veldig bra. Men korleis vi skal prestere oppi dette er ein komplisert sak, forklarte Horneland opent.

Så sa han at han har mana til openheit frå dei som har gjort ein feil og delteke på fyllefesten.

– Eg har oppfordra spelarane som var på nachet om at dei går ut med ein felles uttale og seier kven dei var. Eg trur det hadde vore nyttig for dei sjølv og for vegen vidare.

Horneland innrømma at han sjølv var på Stadion fram til 00.30 natt til tysdag 10.august. Til pressa fortalde han at han returnerte til arbeidsplassen etter treningskampen mot FK Fyllingsdalen for å førebu neste kamp.

– Eg gjekk derifrå rundt 00.30. Eg skulle ønske eg hadde vore der nokre minutt lengre, slik at eg hadde fanga opp kva som skjedde.

Eirik Horneland møtte pressen og svara på mange spørsmål etter treninga onsdag, der også Brann-keeper Mikkel Andersen var tilbake.

MANGE SPØRSMÅL: Sjå heile intervjuet Eirik Horneland gjorde med pressen etter treninga på Nymark onsdag.

Frivillig narkotest

Brann-trenaren sa vidare at han oppfatta at spelarane som ikkje var på nachspielet syntes det var godt at han ba festdeltakarane stå fram.

I tillegg kom det fram at fleire Brann-spelarar onsdag morgon har avlagt narkotikatest. Det har det gjort frivillig.

– Det er fleire som har avlagt urinprøve i dag. Eg har ikkje oversikt over kor mange. Men eg har ei klar kjensle av at det ikkje var narkotika på nachspielet, sa Horneland.

Mikkel Andersen tilbake på trening

TILBAKE: Brann-keeper Mikkel Andersen tilbake på Brann-treninga på Nymark onsdag.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Keeper tilbake – Barmen vekke resten av veka

Onsdagen starta med nyheten om at Mikkel Andersen er tilbake på trening for brann.

«Andersen er klar for å trene igjen, etter noen intensive og krevende dager med tett dialog og behov for avklaringer», skreiv SK Brann i pressemelding

Både Mikkel Andersen og Kristoffer Barmen har vore vekke frå Brann-trening sidan fredag. Dei var eller ikkje med i kamptroppen mot Sandefjord på søndag, fordi dei har vore «mentalt utslitne», ifølge styreleiar Birger Grevstad jr.

Men Barmen var ikkje på trening onsdag heller. Brann-sjef Vibeke Johannessen seier til NRK at han vil vera vekke frå trening ut veka.

– Det pågår framleis undersøkingar i saka, også relatert til Barmen. Inntil vi har avklart, vurdert og handtert desse forholda, vil det bli slik. Saka er naturleg nok også ei stor påkjenning for Barmen, seier Johannessen.

Brann-trenar Horneland sa til pressa at han ikkje veit når Barmen er tilbake.

– Den saka er litt ute av mine hender, sa Horneland til pressa.

Eliteserien i fotball 2021: Brann - Tromsø Kristoffer Barmen

VEKKE FRÅ TRENING UT VEKA: Midtbanespelar Kristoffer Barmen. Her deppar han etter 1–1 mot Tromsø i sommar.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Oppsøkt heime

Klubben har tidlegare presisert at verken Andersen eller Barmen er under etterforsking for eit mogleg seksuelt overgrep på nachspielet på Stadion.

Politiet opplyser til NRK onsdag at det framleis er éin person mistenkt i saka.

I dagens pressemelding skriv SK Brann at den danske keeperen var av dei som var med på nachspielet på Brann Stadion førre veke og at han har vore nøydd til å leve med «berettiget kritikk» den siste veka.

Frå før har Barmen innrømma å ha vore med på nachspielet. Ifølge Brann-leiinga har både Andersen og andre spelarar har hatt ein ekstraordinær belastning etter episoden på Stadion.

– Det skuldast omfattande rykteflaum, vårt avklaringsbehov og grov hets, mellom anna i sosiale medium. Andersen er også oppsøkt på si heimeadresse, der han bur med sin ektefelle og små barn, skriv klubben i pressemeldinga.

Mikkel Andersen tilbake på trening

NY: Mikkel Andersen signerte for SK Brann i sommar. Her er han tilbake på trening på Nymark onsdag.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

– Det mest voldsomme eg har opplevd

Også Mikkel Andersen tok seg god tid til å snakke med pressen etter treninga. Han fortalde om då familien vakna av at brannalarmen gjekk i leilegheitskomplekset dei bur i.

Vi tok oss ut på gata og der var det nokon som kjende meg igjen. Det føltes svært utrygt. Seinare vart det også fleire gonger banka på utgangsdøra vår. Då blir ein kun fokusert på å halde barna trygge, sa ein svært prega Brann-keeper til media.

Han gjentok på fleire spørsmål at han ikkje ville gå i detalj om nachspielet som han var med på. Om den grove hetsen og besøket heime, sa Andersen:

– Det er det mest voldsomme eg har vore med på. Men no håpar eg at vi kan gå vidare. Eg er Brann-spelar og ekstremt stolt av det. Eg vil gi alt for klubben og fansen. Det er derfor eg er her, sa Brann-keeperen.

Eirik Horneland seier det Andersen har opplevd er uakseptabelt.

– Det er gjort ein kollektiv feil frå dei tolv som var der, og det er gjort individuelle feil. Graden av alvor er forskjellig blant dei tolv. Det er viktig uansett at vi oppfører oss med respekt, vi som står på utsida. Sjølv om vi er forbanna, må vi behandle folk med respekt, seier Horneland.

– Han var på trening i dag, og eg ser at han framleis er prega av situasjonen.

Får hjelp av advokat

Brann-leiinga seier i pressemeldinga at dei ikkje kan handle utifrå alle rykta som finst om festen natt til tysdag 10. august. Dei får hjelp av advokat for å kartlegge fakta.

– Det inneber at vi må snu kvar einaste stein for å finne ut kva som faktisk skjedde den natta og bakgrunnen for at det skjedde.

– Når faktum er kartlagd, kan vi deretter vurdere kva konsekvensar dette eventuelt skal få for dei impliserte, skriv klubben.

Leiar av supporterane i Brann Bataljonen er av dei som meiner styret i klubben må ta strenge grep etter hendingane den siste veka.

– Det er sterkt behov for nokre sanksjonar for at det skal vera mogleg å gå vidare, seier supporterleiar Erlend Ytre-Arne Vågane til NRK onsdag.

Men Bataljonen-styret tek sterk avstand frå grov hets og at nokon har oppsøkt Brann-keeperen heime.

– Hets, trugslar og ryktespreiing fører ingen stad anna enn å eskalere situasjonen og dermed gjere det vanskelegare å løyse opp i ein allere komplisert sak, skriv Bataljonen i ein uttalelse på Facebook onsdag ettermiddag.

– Vi har forståing for at omverda har eit sterkt ønskje om informasjon, men i ein alvorleg sak som dette kan vi ikkje la informasjonsbehovet overstyra at vi må vera grundige i saksbehandlinga og følge regelverket som slike saker blir styrt etter. Vi må opptre som ein ansvarleg arbeidsgjevar, skriv klubbleiinga i dagens pressemelding.

Brannledelsen uttaler seg om skandalefesten

TØFFE VEKER: Brann-sjef Vibeke Johannessen, sportsleg leiar Jimmi Nagel Jacobsen og trenar Eirik Horneland på pressekonferanse om Stadion-festen.

Foto: Marit Hommedal / NTB