Brann i verkstad i Bergen

Naudetatane rykka ut til Møllendalsveien i Bergen, der det brann i ein verkstad der det blir teke vare på elsparkesyklar. Brannvesen melder at dei har kontroll på brannen.

Ifølgje 110 Vest var brannen i litiumbatteriar. Grunna røyk og gass blir bebuarar iu området oppmoda til å halde seg innandørs og halde vindauge lukka. Det er ikkje opplyst om personskade.

Brann Møllendalsveien
Foto: Arne Frank Solheim / NRK