Hopp til innhold

Brann i Ulrikstunnelen – fire arbeidarar berga ut

Ein trafostasjon tok fyr 600 meter inne i den nesten 8 kilometer lange tunnelen. – Me var uroa for røyken, men ingen er skadde, seier politiet.

Brann i Ulrikstunnelen

BRANN: Forbipasserande melde frå om røyk frå tunnelen. Her frå Fløen-sida i Bergen.

Foto: 03030-tipser

Fire personar var på jobb inne i tunnelen då det braut ut brann 600 meter frå tunnelmunninga mot Bergen.

To blei kjapt gjort rede for, men to var ei stund sakna.

– Det kom nettopp inn melding om at alle er gjort rede for, seier operasjonsleiar Hans-Erik Thue i Vest politidistrikt klokka 22.13.

Dei involverte er sendt til legevakten for sjekk. Det er ikkje meldt om alvorlege skader.

Brann i Ulrikstunnelen

FLØEN: Éin person kom ut på Bergen-sida av tunnelen. Tre personar kom seg ut i Arna.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Henta ut av røykdykkarar

Fleire forbipasserande melde om røyk som velta ut frå tunnelen. Klokka 21.39 gjekk det ut såkalla trippelvarsling.

– Det såg dramatisk ut då røyken velta ut, men alt er under kontroll. Me var litt uroa for røyken, men det er kontrollert og ingen har teke skade, seier innsatsleiar Ole Marius Røttingen i Vest politidistrikt.

Ifølge 110-sentralen starta brannen i ein trafostasjon 600 meter inne i tunnelen frå Fløen-sida. Det var også fleire anleggsmaskiner i umiddelbar nærleik.

Røykdykkarar møtte på dei to arbeidarane inne i tunnelen, ved brannstaden.

Klokka 23 melder brannvesenet at den siste brannbilen er på veg ut av tunnelen.

– Det er har vore ein del oljelekkasjar, så mannskapet har skumlagt området. Det er uvisst kor store skadene er og kor mykje som har brent, seier Ole Jakob Hartigvsen ved 110-sentralen.

– Svært dramatisk

Klokka 22.15 blei brannen meldt sløkt. Mannskap frå fleire brannstasjonar har vore involvert.

– Brann i tunnel er alltid dramatisk, spesielt når me frå starten av veit at ein person ikkje er gjort rede for. seier Hartvigsen.

Luftambulanse var på plass i Arna for å ta hand om eventuelt skadde. Også politi og ambulanse hadde stilt seg opp på kvar side.

Togtrafikken var sundag kveld mellombels stansa.

Brann i Ulrikstunnelen

FIRHJULING: Brannvesenet rykte inn med spesialfartøy i tunnelen som framleis er under konstruksjon.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK