Hopp til innhold

Helikopteret klarte å sløkke brann i populært fjellområde

Brannvesenet opplyser no at skogbrannen på Årheimsfjellet i Stryn, er sløkt.

Opne flammer i eit vanskeleg terreng i Stryn

TUNGT TERRENG: Det er eit utfordrande landskap for brannvesenet.

Foto: Sigurd Muldsvor

Brannmannskapa måtte ha hjelp frå helikopter for å klare å sløkke brannen.

I dag tidleg fekk brannvesenet melding om opne flammar og rykka ut med ATV i terrenget på Årheimsfjellet ved Årheimssætra mellom Stryn og Loen.

Brannmannskap har vore oppe i fjellsida og undersøkt tilhøva, det skal vere veldig bratt og ulendt terreng på staden.

– Det vert ikkje sett i gang manuell sløkking i området sa Helge Lund, vaktkommandør i 110 Vest til NRK tysdag morgon.

Årsaka er at det er svært ulendt terreng i området og ein del nedfall av stein i området ved brannen.

Røyk frå området som brenn i Stryn

RØYK: Det ryk frå fjellsida i Stryn.

Foto: Sigurd Muldsvor

– Det var nesten heilt umogleg å kome fram til brannen, seier Anders Maurset i Stryn Brannvesen.

ÅRHEIMSFJELLET: Det skal vere langt frå farbar veg og vanskeleg tilkomst på staden.

Maurset fortel at dei forsøkte å kome til ved brannen frå fleire kantar men terrenget var for bratt, difor måtte dei bruke helikopter.

Helikopteret i arbeid med å sløkke brann i Stryn

LUFTIG SLØKKING: Brannvesenet vurderte det som tryggast å setje inn helikopter i sløkkingsarbeidet.

Foto: Sigurd Muldsvor

Vaktkommandør Helge Lund bad turistar og folk som måtte vere på tur i området om å halde seg vekke frå området når brannhelikopteret heldt på med sløkkingsarbeidet.