Hopp til innhold

Vedlikehaldsarbeid på Hydro starta skogbrann

Ein gneiste frå Hydro sitt anleggsområde starta skogbrannen i Øvre Årdal.

Brann i Årdal

BRANN: Ein gneiste frå vedlikehaldsarbeid ved Hydro starta skogbrannen i Årdal onsdag kveld.

Foto: Anders Jon Seim / NRK

– Det var eit hendeleg uhell. Ein gneiste frå vedlikehaldsarbeidet fauk over gjerdet og sette fyr på skogen. Hydro varsla sjølve om hendinga, seier Magne Knudsen ved Årdal lensmannskontor.

Politiet opprettar sak

Knudsen seier at politiet rutinemessig har oppretta sak, og at det no er opp til ein jurist å avgjere om brannen får følgje for Hydro.

Eit område på kring ti mål var avsvidd under brannen bak smelteverket i Øvre Årdal. Klokka 21.17 melde brannmannskap om at brannen var sløkt.

– Mannskapet var raskt på plass og sløkkearbeidet gjekk greitt sidan det er gode vegar inn i dette området, seier brannsjef Gaute Johnsgaard.

Alt tilgjengeleg mannskap vart kalla ut og kring 20 personar deltok i sløkkinga.

– Vi fekk ganske raskt kontroll både på overside og undersida av brannen, så dette gjekk svært greitt, seier Johnsgaard.

Frykta spreiing

Brannsjef i Årdal, Gaute Johnsgaard

FEKK KONTROLL: Gaute Johnsgaard er brannsjef i Årdal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Kombinasjonen av vind og at det er svært turt i område gjorde at dei ei stund frykta at brannen skulle spreie seg.

– Vi var urolege. Hadde dette spreidd seg over åskammen, kunne brannen for ha spreidd seg til busetnad eller gått vidare til andre bedrifter i området. Men vi klarte å stogge brannen, seier Johnsgaard.

Brann i Årdal

ETTERSLØKKING: Mannskap vert igjen på brannstaden ut over natta for å drive ettersløkking.

Foto: Anders Jon Seim / NRK

Ettersløkking

Etter at ein hadde fått sløkt brannen onsdag kveld vart halvparten av mannskapa sende heim.

Resten oppretta vaktlag som vart verande igjen i området for å drive ettersløkking ut over natta.

– No har vi slangar lagt ut i området slik at dei som er at raskt skal kunne bløyte område dersom det skulle ta seg opp igjen, og er det naudsynt så kan vi også kalle ut meir folk igjen, seier Johnsgaard.