Hopp til innhold

Brann i leiligheitsbygg med seks personar

Seks personar er berga uskadde ut etter ein brann i eit burettslag i Øvstetunvegen i Øvre Årdal.

brann årdal

FULL FYR: Seks personar er berga ut etter den dramatiske brannen, i det tett busette områder i Øvre Årdal.

Foto: NRK-tipsar

– Brannen er sløkt, under kontroll, og brannvesenet er i ferd med å returnere. Det var 15-20 personar som rykte ut. Bebuarane var allereie ute når vi kom fram, og vi går ut frå at publikum har hjelpt dei ut, seier Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen til NRK klokka 23.50.

Rådmann Olve Fossedal stadfestar at bygget også fungerer som eit bufellesskap for ein del brukarar av kommunen sine tenester.

– Vi veit at bygget er evakuert og at alle bebuarane har kome ut. Det er sett krisestab i nabobygget der det er folk til stades både frå politiet, kommunen og helsevesenet. Dei tek no vare på bebuarane og dei andre som også har kome til området, seier rådmann i Årdal, Olve Fossedal.

Etter det han kjenner til er det berre bebuarane i dette bygget som er evakuerte no.

– Dei er teke ivare på den beste måten. Vi har gitt oppdrag til våre folk at dei kan evakuere dei til hotell eller ledige bustader som står tomme. Eg går ut frå at dei vil bli evakuert til eit av hotella i kommunen, seier Fossedal.

Brannvesenet hadde kontroll med flammane like før klokka 23. Klokka 23.15 melder politiet at bebuarane er undersøkt av helsepersonell og ikkje har behov for legetilsyn.

Brann Årdal

STOR UTRYKKING: Eit vitne fortel NRK om svært mange brannfolk på staden, som er eit tett busett bustadområde.

Foto: Siren Sortevik

Stor utrykking til tett busett område

Klokka 22.55 melde innsatsleiar på staden at alle bebuarane er ute av bygget.

– Det er seks bebuarar i leilegheitsbygget og dei har no kome seg ut. Vi har ikkje informasjon om helsetilstanden per no, sa operasjonsleiar hjå politiet, Per Rimmen, til NRK like før klokka 23.

Eit vitne fortel NRK om ei svært stor utrykking.

– Bygget det brenn i ligg tett inntil eit stort blokkområde som heiter Øyåkeren burettslag på den eine sida. På andre sida er det eit tett bustadområde med privathus. Det er mykje røyk som kjem ut av bygget, og brannvesenet peisar vatn på. Det var veldig, veldig mange brannfolk der. Dei vatnar mykje rundt huset, seier eit vitne NRK har prata med.

Politiet fekk melding om brannen klokka 22.28, og både brann, helse og politi rykka ut til staden.

Brann Årdal
Foto: Siren Sortevik
Brann Årdal
Foto: Siren Sortevik
Øvre Årdal