Hopp til innhold

Nabo: – Gløymde ta på meg tennene, for dette gjekk fort

Kvinne berga ut med røyskader etter at det oppstod brann i tolvte etasje i bustadkompleks for eldre.

Brann i Domkirkehjemmet

KVINNE BERGA UT: Ein person er sendt til legevakt etter å ha pusta inn røyk ut etter at det oppstod brann i Bergen sentrum.

Foto: Mette Anthun / NRK

Det braut ut brann i ein leligheit i Domkirkeboligene i Kong Oscars gate i Bergen sentrum. Brannvesenet fekk melding klokka 16.12.

Klokka 16.32 blei brannen meldt sløkt.

Berga ut av røykdykkarar

Ein person blei henta ut og køyrt til legevakt for helsesjekk. Det var to til stades då brannen braut ut på kjøkenet i leilegheita.

– Kvinna skal ha inhalert noko røyk og blei teken til legevakta. I tillegg vart dei to naboleilegheitane på kvar side evakuerte, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Politiet veit ikkje kva som er årsaka til brannen.

Tore Nordahl

EVAKUERTE: Tore Nordahl måtte evakuera då det braut ut brann i naboleilegheiten i tolvte etasje i Kong Oscars gate i Bergen.

Foto: Mette Anthun / NRK

Nabo: – Gløymde ta på meg tennene

Tore Nordahl er bebuar i tolvte etasje og næraste nabo til leilegheita der brannen starta. Han blei vekt av kvinna som eig leilegheita.

– Eg slappa av då naboen kom springande ikledd handduk og fortalde at det brann på kjøkenet. Eg vekte naboane mine igjen, før eg tok eg på meg buksa. Tennene gløymde eg, for det gjekk i full fart.

Nordahl fortel at det er vanleg at brannalarmen går i bustadkomplekset.

Brann i Domkirkehjemmet i bergen

TOLVTE ETASJE: Brannvesenet fekk tidleg kontroll på brannen.

Foto: Elin Helgheim / NRK

– Med ein gong noko skjer her så hyler alarmen før den går av når brannvesenet kjem. Dette har fungert i alle år, og det fungerte i dag. Men det var godt med røyk, konstaterer den sindige 77-åringen.

Han opplevde situasjonen som mindre dramatisk, sjølv om brannvesenet ikkje gir han lov til å gå opp i leilegheita sin heilt enno.

– Eg slappar heilt av, eg. Dette er eit murhus, så det er røyken som er skummel.

Flammane spreidde seg aldri

Klokka 16.28 melde brigadeleiar på staden er brannen var under kontroll.

Ifølgje vaktkommandør Torkjell Helle i 110-sentralen i Hordaland er skadane avgrensa til å gjelda éin leilegheit.

Brann i 12. etasje i Domkirkehjemmet i Bergen

KJØKEN: Brannen starta på eit kjøken i tolvte etasje. Etasjen blei evakuert.

Foto: Elin Helgheim / NRK

Etasjen blei kjapt evakuert, men brannen spreidde seg aldri. Brannmannskap på staden vil gjera skadeavgrensing utover ettermiddagen.

– Kor mykje av leilegheita som er brent, veit eg ikkje. Som regel vert det ein del røyk og sot. Røykdykkarane har kontrollert at brannen ikkje har gått opp i ventilatorhetta, fortel Helle.