Hopp til innhold

Brann i garasje med elbil inni: 21 personar evakuerte

Ein garasje i Nordhordland var lenge overtent. – Den kjem nok til å brenna heilt ned, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Det brenn no i ein garasje på Frekhaug i Nordhordland. I fylgje politiet skal det vera ein elbil i garasjen. 21 personar er evakuerte. Ingen skal vera alvorleg skadde.

KONTROLL: Her er brannvesenet i gang med å sløkka brannen.

Siste: Alle dei 21 evakuerte får flytta heim igjen, også dei som bur i huset som høyrer til garasjen. Brannen er sløkt og bilen skal tauast vekk frå garasjen.

– Bilen kan blussa opp igjen, men no blir den frakta vekk og utgjer ikkje noko fare for nokon, fortel Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Like over 21.30 fekk naudetatane melding om brann i ein garasje på Frekhaug i Nordhordland i Vestland fylke.

Garasjen var til å byrja med heilt overtent, men brannvesenet har no kontroll på brannen.

– Garasjen kjem nok til å brenna heilt ned, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Inne i garasjen er det ein elbil, noko som fører til ekstra utfordringar i arbeidet med å sløkka brannen, fortel vaktkommandør Helge Lund ved 110-sentralen.

Men brannen er kraftig redusert og me har kontroll, seier Lund. Han fortel at brannårsaka er ukjent.

Vest politidistrikt opplyser like over klokka 23 at ein bergingsbil er på veg for å henta den utbrente bilen i garasjen. Dei held på med ettersløkking.

Evakuert til folkehøgskule

Garasjen skal ligga tett opp mot eit hus, men ifølgje naudetatane har det ikkje vore fare for spreiing.

Ein gut skal ha fått i seg litt røyk, og fekk helsehjelp på staden. Ingen personar skal ha blitt alvorleg skadde.

21 personar frå nabolaget er evakuerte til Nordhordland Folkehøgskole som ligg i nærleiken.

Garasjebrann på Frekhaug
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK