Brannen i gassflaskene på Ågotnes er sløkt – har sett flaskene i sjøen

Brannen på Ågotnes på Sotra er sløkt, og gassflaskene har blitt senka i sjøen. Sikringssona på 300 meter er no oppheva.

Brann i gassflasker på CCB-basen på Ågotnes
Foto: Therese G. Pisani / NRK

Like over klokka 16 laurdag mottok politiet ei naudmelding frå kapteinen på fartøyet «North Sea Giant» om ein brann inne på CCB-basen på Ågotnes på Sotra.

Fartøyet låg til kai, og like ved hadde det tatt fyr i fleire gassflasker.

Flaskene, som blir brukt til sveising på fartøyet, stod i ei korg på kaien.

Brannvesenet frykta at flaskene eksploderte, og oppretta ei tryggleikssone på 300 meter rundt basen. Rundt 60 personar blei evakuerte, estimerte brannvesenet.

Seinare viste det seg at 43 blei evakuerte. 27 personar om bord i fartøyet kunne ikkje bli evakuert på grunn av nærleiken til gassflasker.

I halv fem-tida sundag kunne BA melda at sikringssona på 300 meter var oppheva då korga med gassflasker var senka til 14 meters djup i sjøen. Dette skal gje flaskene god tid til å kjølast ned.

– I tillegg, skulle noko skje blir skaden mindre om dei står i vatn, seier Hartvigsen til avisa.

Brann på CCB-basen på Ågotnes
Foto: Therese G. Pisani / NRK

Laurdag kveld skaut ein skarpskyttar frå politiet hol på åtte av dei seksten flaskene. Tanken var å senka trykket og redusera eksplosjonsfaren.

Ved å tømma flaskene for gass, håpte brannvesenet at gassen ville brenna ut. Men politiet hadde berre sikkert treffpunkt på halvparten av flaskene.

Difor brann det likevel i området utover natta og sundag føremiddag. Brannvesenet starta sløkking sundag morgon, og driv no nedkjøling av flaskene.

– Det har nok med mengda gass å gjera. Eg veit ikkje kor mykje som var på desse flaskene, men dei var seriekopla, seier vaktkommandør Ole Jakob Hartvigsen til NRK like over klokka 11.

Faren for at ei eller fleire flasker kan eksplodera er enno til stades. Det er årsaka til at tryggingssona blir opprettheldt, seier Hartvigsen.

Sundag føremiddag er dei 27 arbeidsfolka i fartøyet framleis om bord, skriv BT

– Me må vera hundre prosent sikre på at det ikkje er temperatur i desse flaskene. Brannfolk har ikkje vore framme for å inspisera enno nettopp av den grunn. Øygarden brann og redning vil vera på den heilt sikre sida før dei opphever sona.

Vegsperring grunna brann på CCB på Ågotnes

VEGSPERRING: Ein tryggingsradius på 300 meter er oppretta rundt brannområdet.

Foto: Therese G. Pisani / NRK

Skaut hol på flaskene

Politiet vurderte lenge for og imot før det blei bestemt å forsøka å skyta hol i flaskene.

– Om det skal skytast fleire blir bestemt frå sikt, vinkel, kva som er bak flaskene, vindretning, temperatur, utflamming og så vidare, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Eivind Hellesund.

20.02 meldte politiet at dei var ferdige på staden, men at brannvesenet blei verande til all eksplosjonsfaren er over.

– Då reduserer ein eksplosjonsfaren. Flaskene skal vera seriekobla, slik at trykket i alle vil senka, seier Hartvigsen.

Det blir skote med sporlys. Då brenn gassen opp og lagar ei stikkflamme ut av flaska den treff, og spreier seg ikkje rundt i området.

Brannvesenet har også forsøkt å rygga inn mot flaskene med ein tankbil for å spyla vatn på dei og kjøla dei ned. Det måtte dei avbryta på grunn av vinden som er på staden.

– Dei var redde for at dei då ville slå ut denne brannen slik at me ville fått ein gasslekkasje me ikkje har kontroll på, seier Hartvigsen.

Minst 60 evakuerte

– Viss det er varmepåverknad på flaskene er det stort sannsyn for at dei kan eksplodera. Då vil me få ein relativt kraftig eksplosjon, sa Hartvigsen då situasjonen enno var uavklart.

Mannskapet på skipet som melde frå, om lag 60 personar, blei evakuerte over til andre sida av skipet, og trekte ned i skipet.

Brannvesenet vurderte det som for farleg at dei skulle gå ut og losna fortøyingane slik at skipet kunne leggja frå kai.

– For augneblinken vurderer me om dei skal evakuerast over i brannbåten som er der, seier Hartvigsen.

I tillegg har politiet kontroll på eit ukjent tal personar i ein brakkerigg.

Gassflasker til sveising tok fyr

Administrerande direktør på CCB Ågotnes Øyvind Langedal seier til NRK det var arbeid om bord i «North Sea Giant» då brannen braut.

– Av ein eller annan grunn har det tatt fyr i gassflaskene, som blir brukt til sveisearbeid om bord i fartøyet.

Han oppgir at flaskene står rundt 100 meter frå næraste bygg. Det er ikkje tankar med drivstoff eller gass i nærleiken, som kunne ha auka eksplosjonsfaren ytterlegare.

– Med ein evakueringssone på 300 meter er det ikkje fare for eksplosiv i umiddelbar nærleik. Politiet har evakuert alle dei som er på jobb. Det er laurdag, og snakk om eit fåtal arbeidsfolk på jobb, seier Langedal.

Det er heller ikkje fare for ålmenta, i og med at eksplosjonsfaren berre er inne på anlegget.

CCB-basen Ågotnes
Foto: Pal Bentdal

– Godt med ressursar

Politiet skriv i ei pressemelding at fleire patruljar er på staden ved Ågotnes kai. Litt seinare, klokka 16.53, skriv politiet i ei ny pressemelding at det ikkje er meldt kontroll på brannen.

– Det er godt med ressursar i området, skriv operasjonsleiar Terje Magnussen.

Øygarden og Laksevåg brannvesen er på staden. Laksevåg er ekspertar på handtering av farleg gods.

Bergen brannvesen har også sendt ei drone til staden, slik at dei kan strøyma kva som skjer i korga med flasker.

Acetylen er ein brannfarleg og svært reaktiv gass. Med éin gong acetylen lekker ut i luft, oppstår det fare for brann eller eksplosjon.