Ifølgje brannvakta i Bergen skal ei mor og hennar to born ha kome seg ut frå det brennande huset på eiga hand.
Parafinomn tok fyr
Årsaka til brannen skal vera at ein parafinomn det lak olje ut frå tok fyr. Brannen spreidde seg difor raskt.

Foto: Anders Fløysand
Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 19.13, og meldte rett etter klokka 20.00 at dei hadde kontroll over flammane.
Ifølgje brannvakta er skadene store, men det er uvisst om huset er totalskadd.