Hopp til innhold

Ein person er bekrefta omkommen etter brann

Ein mann i 50-åra er funnen død etter brann i eit bygg med industri og bustad på Skjold i Bergen.

Brann slukking

EIN OMKOM: Ein mann i 50-åra mista livet i brannen på Skjold i Bergen laurdag morgon. Brannen er no sløkt.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Brannvesenet fekk melding om brann i eit bygg med både industri og leilegheiter i Fanavegen på Skjold rundt klokka 8 laurdag.

Det var då kraftig røykutvikling og opne flammar frå bygget.

Ein person var ikkje gjort greie for. Etter grove søk i bygget, er personen no bekrefta omkommen etter brannen.

Den omkomne er ein mann i 50-åra. Dei nærmaste pårørande er varsla. Vedkommande er ikkje formelt identifisert.

Politiet har ikkje haldepunkt for å tru at det var andre i leilegheita.

Brann sløkt

Brannvesenet meldte brannen sløkt like etter klokka elleve.

– Brannvesenet driv på med ettersløkking. Dei kjøler ned vegger og sånt, slik at det ikkje retenner, seier vaktkommandør Håkon Myking i 110 Vest.

Det er store skader på bygnaden. Dei som bur i bygget, vil ikkje kunne flytte tilbake.

– Vi berger det vi kan. Slik at dette gjer minst mogeleg skade.

Brann i bygg på Fana

Det var kraftig røykutvikling og opne flammar frå bygget då Brannvesenet kom til staden.

Foto: TIPSAR

– Vi var i panikk

Det ligg fleire bygnader tett i tett på eit lite tun. Det brann i eit bygg som inneheld kontor og private leilegheiter.

Det har brent i ein av leilegheitene i den private delen.

To personar frå ein av bueiningane i bygget, vart evakuerte. Det vart også personar frå omliggande hus. Totalt er sju evakuerte. Ingen av dei er skadde.

Gyan Kwaku låg og sov då brannen starta.

Kjærasten hans vakna og så oransje lys utanfor huset. Det var ein stor flamme.

– Vi var i panikk. Vi trudde at brannen ville spreie seg til vårt hus. Eg pakket med meg passet mitt og et par småting, seier han.

Gyan Kwaku

Gyan Kwaku er nabo til huset som brann laurdag morgon.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Politiet veit ikkje årsaka til brannen.

– Vi ventar på kriminalteknisk, og at brannstaden skal kjøles ned, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Fanavegen mellom Mårdalen og Skjold var stengd. Men er no open for fri ferdsel.

Brann hus Fana

Brannvesenet driv ettersløkking på staden.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK
Det brenner i eit bygg med industri og bustad på Skjold i Bergen. Det skal vere store flammar og mykje røyk og politiet og brannvesen har rykka ut med store ressursar, seier Eivind Hellesund i politiet. Politiet opplyser at det bur folk i bygget. Naudetatane er på staden. Politiet oppfordrar bilistar til å ikkje køyre Fanavegen mellom Mårdalen og Skjold.

Slik såg det ut då det brann laurdag morgon. Politiet melder no at dei har kontroll på brannen.