Hopp til innhold

Brannen i bygarden i Sandviken er sløkt

Brannen i bygarden i Sandviken er sløkt. Brannvesenet blir verande på staden utover kvelden og natta for å hindra at det blussar opp att.

Brann i Sandviken

Brannvesenet har teke seg inn i bygningen frå både framsida og baksida.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Rundt klokka 18.30 søndag kveld meldte brannvesenet på staden at brannen er sløkt.

Då var det to timar sidan den første meldinga kom om at det brann i bygarden i Sandviken i Bergen.

Røykdukkarar søkte gjennom 1. etasje i bygget, som er ein større murbygning på 4–5 etasjar.

Brannvesenet blir på staden utover kvelden og natta for å ettersløkka og å hindra at det ikkje blussar opp att.

Tom bygning

Det vart ganske raskt klart at det ikkje budde folk der.

– Det er ingen personar inne. Bygget verkar som ubebudd og det er ingen personar registrert i folkeregisteret i huset, sa Helge Blindheim, operasjonsleiar i politiet, til NRK.

I utgangspunktet vart det meldt om røyk frå taket av bygningen. Litt etter klokka 16.30 stadfesta brannvesenet at det var opne flammar.

Brann Sandv

Alle naudetatane har rykt ut til staden.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Det var lenge opne flammar, og brannvesenet rekna med det kom til å bli ein lang kveld med sløkking å starten av sløkkearbeidet.

– Mannskapa har slått ned ein brann i første etasje, men det brenn vidare oppover i bygget, sa vaktkommandør Lars Petter Lorvik i 110 Vest klokka 16.55.

Baksiden
Foto: Sigurd Hamre / NRK

Ikkje stor spreiingsfare

Politiet opplyste til NRK klokka 17.10 at brannvesenet hadde delvis kontroll, og at det ikkje var stor fare for at brannen skulle spreia seg til andre bygningar.

– Det er sjølvsagt mogleg at det kan spreia seg, men me er ikkje veldig redde for det slik det er no, sa Blindheim i politiet.

Brann3

Brannvesenet skal ha knust ruter for å koma seg inn i bygningen.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Nye Sandviksveien, fylkesveg 5342 er stengd på grunn av brannen, melder Vegtrafikksentralen.

Politiet oppmoda naboar til å stenga att vindauge.

Det brenn i ein bygard i området Sandviken i Bergen.