Hopp til innhold

Arbeider med ettersløkking av brannen

Politiet blei varsla like før klokka 14.00 om at det brann i eit bustadområde på Kaupanger i Sogn.

Brann i garasje på Kaupanger

SLØKTE BRANNEN: Det blir no drive ettersløkking på staden.

Foto: Terje Valen Høihjelle

Det brenn i ein garasje i eit bustadområde på Kaupanger i Sogndal, opplyser politiet. Nødetatar er på staden og det er førebels ikkje meldt om personskadar.

Klokka 14:22 opplyser politiet at garasjen er brent ned.

– På Kaupanger er arbeid med sløkking i gong. Spreiingsfaren er no redusert, fortel Frode Korneliussen som er vakthavande ved Alarmsentralen.

Like etter klokka 14:40 opplyser Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, at brannen er sløkt og at brannvesenet no jobbar med ettersløkking.

– Garasjen stod mellom to bustadar, og brannvesenet arbeider også med å sikre desse, seier Kolltveit.

Alarmsentralen har ikkje fått melding om personskade etter brannen, men det er henta ut ein hund frå ein leilegheit på staden.

Huseigarar er komen på staden, og politiet veit førebels ikkje årsaka til brannen.

– Politiet avhøyrer no personar som var i nærleiken når det starta å brenne, seier Kolltveit.

KAUPANGER

RØYK: Det steig røyk opp frå brannen i bustadområdet på Kaupanger.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK
BRANNAR

FLEIRE BRANNAR: Brannen i eit bustadområde skjer samstundes som det brenn i ein bil i Sogndalsdalen.

Foto: kart / nrk