Naboar i sjokk – femte året med brann i bustadfelt

Midt under festen braut det ut ein kraftig brann. 15 personar berga seg ut frå eit rekkehus i Mosahaugen i Sagvåg.

Rekkehus med kraftige skadar etter brann på Sagvåg, Stord.

STORE SKADAR: Flammane skal ha stått opp av taket i rekkehuset då naudetatane kom til staden.

Foto: Kjetil Østrem / Sunnhordland

Både festdeltakarane og folk frå nabohusa vart evakuert av politiet, totalt kring 30 personar.

Fleire av dei evakuerte vart sendt til legevakta, der det vart oppretta mottaksstad for å samle dei evakuerte.

Brannvesenet sende store ressursar til staden.

– Vi sende fire mannskapsbilar og ein befalsbil, fortel vaktleiar Svein Nesse ved 110-sentralen i Rogaland.

Avisa Sunnhordland skriv at det var eit rekkehus det brann i.

Flammar gjennom taket

Då dei første naudetatane kom til staden stod flammane opp av taket. Det var overtenning i bustaden.

– Personane i huset har evakuert seg sjølv ut, og blei tekne hand om av helse på staden, sa innsatsleiar Hans Kristian Dahl ved Stord lensmannskontor til avisa.

I 8-tida fortalde 110-sentralen at brannvesenet var i gong med ettersløkking på staden.

– Vi passar no på at brannen ikkje blussar opp at, fortel Nesse.

Femte året med brann

I bustadfeltet i Mosahaugen er dei skremde etter nok ein brann. Både i 2008, 2013, 2015 og 2016 brann det i det same området. På julekvelden i 2008 brann ei heil rekkje med fleire bueiningar ned til grunnen. Ifylgje avisa Sunnhordland skjedde dette få meter få staden det brann i natt.

Anna Hjertaker Nikolaisen flytta til området for eitt år sidan.

– Me tenkte liksom at folk tok fleire forholdsreglar, med den historikken som er i dette bustadfeltet. Men i natt skjedde det igjen, og du blir jo så klart engsteleg, seier Nikolaisen, til Sunnhordland.

Politiet skal etterforske brannen, men årsaka er so langt ikkje kjend.

Laster kart, vennligst vent...