Hopp til innhold

Brann hjå dykkarfirma i Bergen – frykta gassflasker skulle eksplodere

Brannvesenet skar hol i veggen og tok ut fire gassflasker. Fire personar evakuert frå båt.

Brann hjå IMC Diving i Sandviken Bergen

BRANN: Det var lokala til IMC Diving i Sandviken som byrja å brenne laurdag kveld.

Foto: Remi Presttun / Presttun Media

– Det er mange gassflasker i bygget, som inneheld oksygen og acetylen. Det er difor eksplosjonsfare, sa vaktkommandør Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen i Hordaland då brannen braut ut.

Politi og brannvesen rykka ut til Kristiansholm i Sandviken i Bergen, der det brann i bygget til dykkarfirmaet IMC Diving.

Naudetatane bad folk halde god avstand til staden. Like etter klokka 18.00 melder brannvesenet at dei har kontroll på brannen.

– Det er henta ut fire gassflasker, som eg forstod var dei mest kritiske å ta ut. Det skal ikkje ha vore personar inne i bygningen då det byrja å brenna. Det er heller ingen sakna, fortel operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.

Klokka 18.15 melder brannvesenet at brannen er sløkt.

Sikkerhetssone ved brann i Bergen

TRYGGLEIKSSONE: Naudetatane stengde av vegen nærast brannstaden og ba publikum halde avstand, på grunn av gassflaskene i den brennande bygningen.

Foto: Remi Presttun / Presttun Media

Skar hol i veggen

Rebnord fortel at det brann i ein konteinar som står inne i bygget.

Brannvesenet var varsame i handteringa av brannen på grunn av eksplosjonsfare. Det kom etter kvart folk til som kunne fortelje brannmannskapa kor gassflaskene var.

– Vi skar hol i veggen og fekk auge på gassflaskene. Vi tok dei deretter ut og fekk sendt inn mannskap i bygningen, fortel Drotningsvik hjå 110-sentralen.

Brannen vart meldt klokka 17.12. Ei stund vurderte politiet å bruke skarpskyttarar for å få sprengt flaskene som stod i fare for å eksplodere.

Fire personar vart evakuert frå ein båt som låg ved kai då det byrja å brenne. Ingen av dei er skadd.

– No er det sløkt og eksplosjonsfaren er også over, avsluttar Drotningsvik.

Omdirigering av trafikk under brann i Bergen

OMDIRIGERT: Politiet dirigerte trafikken lenger unna brannstaden i Sandviken.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK